Astrid Leiknes er den einaste fastbuande i Vik i Matrefjorden i Kvinnherad. Mindre enn hundre meter frå barndomsheimen hennar vil Sunnhordland Kraftlag (SKL) planta masteskogen av eit koplingsanlegg for det nye Blåfalli Vik kraftverk.

Anlegget blir knutepunkt mellom den underjordiske kraftstasjonen og 300 kilovolt-lina som skal gå forbi Leiknes sitt hus.

— Grav han ned

— Dei kan grava ned elektrisiteten sin, leggja han i jordkabel. Det har eg gjort, seier ei kamplysten Astrid Leiknes til Bergens Tidende.

I to år har ho kjempa mot plasseringa av koplingsanlegget. Protestbrevet hennar har til og med vore på miljøvernminister Børge Brende sitt bord. Han svarar at han ikkje kan gjera noko før Olje- og energidepartementet har teke stilling til klagen. Det skjer truleg i løpet av våren, etter at den første anleggsdrifta er komen i gong.

— Folk seier til meg at NVE har late utbyggjaren få det nett slik han vil, eg er valsa over. Heller ikkje innvendingar frå kommunen og fylket er tekne omsyn til, seier Astrid Leiknes, som i 25 år var misjonær i Afrika saman med mannen sin. Han døydde i fjor.

10 mill. kroner

— Vi har forståing for at det ikkje er kjekt å ha eit slikt anlegg i nærmiljøet. Men det er opp til overordna styresmakter å finna ei løysing, seier administrerande direktør Magne Heimvik i SKL.

Ifølgje Heimvik vil det kosta rundt ti millionar kroner ekstra å leggja koplingsstasjonen inn i fjellet nær sjølve kraftstasjonen. Det er ifølgje SKL det einaste reelle alternativet.

— Eg har sagt at dei i det minste kan flytta anlegget bak knausen her, også det er avvist. Ti millionar kroner for det dyraste alternativet i fjell er lite i denne samanhengen. Og SKL tenar pengar i søkk og kav, meiner Astrid Leiknes.

Utbygginga av Blåfalli Vik vil kosta SKL over ein halv milliard kroner. Selskapet hadde nær hundre millionar i overskot første halvår i fjor.

— Eg flytta heim att til Vik, bygde nytt hus i 1990 og trudde eg hadde fått orden på tilværet. Så får eg desse mastene i fleisen. Ikkje berre er det stygt, det må også vera helsefarleg å bu oppi desse høgspentlinene, seier Astrid Leiknes.

Unngår hekkande fugl

SKL er pålagt å laga eit miljøoppfølgingsprogram i samband med Blåfalli-utbygginga.

Av programmet går det mellom anna fram at anleggsaktiviteten i hovudsak må leggjast utanom hekketida for fugl. Kraftlinene skal også leggjast utanom påviste kulturminne.

For å måla eventuell forureining av dei enorme tunnelsteinmassane som skal tippast i sjøen, skal SKL ha tre-fire målepunkt i fjorden. I alt skal 300.000 kubikkmeter stein fyllast i sjøen utanfor elveosen i Vik.

FOTO: OVE OLDERKJÆR