På venterommet til norske legar blir det stadig fleire kvinner, menn og barn med astmaplager. Nye forskingsresultat frå Universitetet i Bergen viser at talet på astmatilfelle blant vaksne i Hordaland auka med 20.000 frå 1985 til 1998. Dette er meir enn ei dobling på tretten år.

Den same trenden gjeld også for Oslo i perioden 1972 til 1998, viser undersøkinga, som nyleg vart lagt fram på ein internasjonal konferanse om lungemedisin i Atlanta, USA.

— Astma er i ferd med å bli ein ny folkesjukdom, seier lege og universitetsstipendiat ved Institutt for indremedisin, Jan Brøgger, til BT.

— Før var astma ganske sjeldan, men dei siste 10-15 åra er dette blitt den hyppigaste kroniske sjukdomen hos barn. Også blant vaksne er dette i ferd med å bli eit stort folkehelseproblem.

150 prosent auke blant kvinner

Astma, som kan beskrivast som anfallsvis åndenød og piping i brystet, var tidlegare først og fremst ein mannesjukdom. Men no er plagene omtrent like hyppige blant kvinner.

Dei nye tala er dystre: Frå 1985 til 1998 auka førekomsten av astma blant kvinner med 150 prosent i Hordaland og Oslo.

— Dette er oppsiktsvekkjande. Trenden er sterkast blant yngre kvinner.

— Kva kan årsaka vere?

— Det er det store spørsmålet: Kvifor skjer dette? Det er ein grunn til at så mange får astma, men vi veit enno ikkje kva det er, seier Brøgger.

— Kan det forklarast med at mange norske kvinner er storrøykjarar? - Røyking har ein negativ effekt, men etter det vi veit i dag er ikkje dette årsaka, seier Brøgger.

Det er heller ikkje luftforureining, slik mange trudde tidlegare. For sjølv om lufta er blitt reinare og reinare dei siste åra, har astmaplagene auka. Det har også førekomsten av bronkitt, både blant kvinner og menn.

For reinslige eller for feite?

Forskarane arbeider særleg med to teoriar for å finne løysinga på astmamysteriet:

  • Hygienehypotese: Vi er blitt altfor reinslege. Barn får altfor lite bakteriar i seg, og det hindrar stimulans av dei cellene som skal hindre utvikling av astma.
  • Overvekthypotese: Den generelle vektauken blant barn, ungdom og vaksne kan føre til pustevanskar og piping i brystet, fordi luftvegane blir trangare og meir sårbare.

Også barneastma er i full frammarsj, særleg etter at barnet har fylt ti år.

Er du jente, og født etter 1970, er det 20 til 30 gonger så stor risiko for at du utviklar astma enn ein som vart født i 1927. Er du gut, er risikoen ti gonger så stor.