Mange, mange asteroidar går i bane kring sola. Men asteroidane går i elliptiske, ovale banar og planetane går i sirkelbanar.

Dermed kan det bli kræsj mellom planetane og astoriodane. På månen og på Mars er det tydelege krater etter asteroide— og meteorittkollisjonar. Jorda har også vore truffen fleire gongar, men erosjonen på vår planet gjer at dei ikkje lenger er like tydelege.

Nestenkollisjonar er ikkje så uvanlege. I sitt Near-Earth Object Program følger NASA 918 potensielt farlege asteroidar. Denne veka passerte ein asteroide vår planet på samme avstand som månen.

– Det har gått bra for vår planet dei siste tusen åra. Men asteroidekollisjon er ein viktig teori i forklaringa på kvifor dinosaurane forsvann, seier Terje Wahl, avdelingsdirektør for forskning og jordobservasjon ved Norsk romsenter.

Asteroidekrasj utrydda dinosaurane?

Ifølge Wahl fins det spor etter kollisjon med ein stor asteroide ved Yukatanhalvøya i Mexico, frå den tida då dinosaurane levde.

Denne kollisjonen var så hard at tjukke lag jord og støv vart sendt opp i atmosfæren. Krasjet påverka igjen jordskorpa og førte til store vulkanutbrot.

Med tjukke støvlag kring jorda slapp ikkje sola gjennom. Det vart kontinuerleg vinter, og dyra som levde i varmare strøk, overlevde ikkje. Deriblant dinosaurane.

For å unngå liknande kollisjonar, trengst eit overvåkingssystem og varslingssystem for asteroidar i kollisjonskurs med jorda. NASA har eitt allereie, no vil også den europeiske romorganisasjonen ESA ha eit tilsvarande.

– Kvifor treng ein eitt system i tillegg til NASA sitt?

– Me kunne overlate til NASA å ordne alt, men dette er eit globalt fenomen. Då er det riktigare at Europa tar sin del av jobben. Det fins mykje god ekspertise i Europa, men den er ikkje samla, seier Wahl.

Å endre ein asteroidebane

Til overvakinga er både eit observeringsarbeid og eit utrekningsarbeid for banen til asteroidane.

– I eit slikt overvåkingssystem trengst ein del teleskop og radarar som vert brukt på heiltid til å jakte på objekt på himmelen, observere dei nøye og rekne ut gjennom avanserte modellar korleis banen til asteroidane vil vere, seier Wahl.

Og kva gjer ein dersom ein asteroide kjem på kollisjonskurs?

– Om ein oppdagar ein asteroide i god tid, kan ein kanskje reise opp i rommet og få flytta på banen til asteroiden. Men me har enno ikkje ein slik utrykkingsbil klar, seier Wahl.

Nokre måtar å flytte på asteroidebanen kan vere:

  • Å feste ein rakett på asteroiden
  • Å varme opp asteroiden på den eine sida
  • Skyte på den med laser
  • Sprenge den i fillebiter

Les meir om varslingssystem for asteroidar og Norsk Romsenter her

Interessert i verdsrommet?

NASA har daglege bildeseriar frå deira romaktivitetar her.

NASA
United States Geological Survey/Wikipedia.org