Sjølve symbolet på lokalt pågangsmot; Åsnes Ski i Fjaler, skal produsere deler av sin produksjon i Estland for komande sesong.

Heitt tema

— Vi startar opp med 15 prosent av volumet til komande sesong og meir kan det bli utover.

Utflagging av skiproduksjonen er blitt eit veldig heitt tema hjå oss no seier dagleg leiar Terje Eilertsen til avisa Firda..

Etter konkursen av Åsnes Skifabrikk i 1999 tok fabrikken namnet Åsnes Ski. Dette er den siste norskeigde skifabrikken, og Åsnes har dei siste åra laga alle ski på fabrikken på Straumsnes.

Åsnesskia har hovedmarknaden sin i Norge.

Fabrikken ser så mørke skyer i horisonten, ved fortsatt produksjon i høgkostlandet Norge, at rømming av landet er einaste utvegen for at Åsnesskia skal vera med i dei norske sportsbutikkane.

KLADDEFØRE: Åsnes flagger ut, og flytter deler av produksjonen til Estland.
Foto: Jan M. Lillebø