– Eg er redd det blir utfallet, seier dagleg leiar Terje Eilertsen ved Åsnes Ski på Straumsnes.

Han reknar med at det vil bli full stans i drifta før sommaren. Spørsmålet om nedlegging skal opp på eit styremøte i eigarselskapet torsdag.

– Vi har tapt pengar på produksjonen her på Straumsnes dei siste to åra. Vi greier rett og slett ikkje å setje opp eit budsjett som kan gi svarte tal på botnlinja, seier dagleg leiar Eilertsen.

Det er berre to år sidan dei nye eigarane, Skigutane AS frå Voss, investerte fleire millionar kroner i produksjonsanlegget. Dei reverserte samtidig tidlegare planar om å flytte all produksjonen til Kina.

– Prisutviklinga i marknaden har gjort at vi ikkje har lykkast. Prisnivået er basert på produksjon i lågkostland, seier Eilertsen, som understrekar at dei tilsette har strekt seg langt.

– Dei har ikkje hatt høg lønn samanlikna med liknande bedrifter. Men det har likevel vore for dyrt å drive her, seier Eilertsen.

Det meste er alt i Kina

Skiproduksjonen på Åsnes byrja i 1922. Årsproduksjonen på Straumsnes har den siste tida vore 8000-9000 par i året; Fjell— og ekspedisjonsski med stålkantar. Dette har utgjort 25-30 prosent av totalproduksjonen til Åsnes Ski. Resten blir produsert på ein fabrikk i Shanghai i Kina.

– Eigarane på Voss har satsa friskt. Men vi har rett og slett ikkje greidd å tene pengar, seier Eilertsen.

Eigarselskapet er Tre 60 AS, som også eig Skigutane AS og Kari Traa AS.

Då dei nye eigarane tok over i 2006, var dei optimistiske med tanke på framleis drift. Kostnader vart kutta og ordrebøkene var velfylte.

– Norske skifabrikkar har vore litt som dinosaurar. Dei er vorte utrydda, men vi håpar å kunne levere enda betre tal om to-tre år, sa styreformann Jan Øyvind Lauritzen i fjor.

Så var omsetjinga gått opp med 40 prosent samanlikna med året før.

Konkurs også i 1998

Skifabrikken på Straumsnes har også gått over ende tidlegare: I 1998 gjekk dei konkurs, men både namnet og produksjonen heldt fram i eit nytt selskap.

Dagleg leiar Terje Eilertsen har ikkje tru på at fabrikken vil gjenoppstå nok ein gong.

– Eg trur det vil vere veldig vanskeleg å tene pengar på norsk skiproduksjon, slik marknaden har utvikla seg, seier Eilertsen.

Leiinga vil nå konsentrere seg om å skaffe nytt arbeid til dei tilsette.

ODDLEIV APNESETH (ARKIV)