Det var seint tirsdag kveld og natt at politiet slo til mot dei fire mennene, etter at ein grå Mitsubishi personbil var etterlyst i samband med det frekke tjuveriet.

Ein fjerdel av utbytet på meir enn ein halv million kroner er no kome til rette.

Kjentmann

Tjuvane tok seg inn i Tjønnelands hus medan han var ute eit ærend, braut opp eit pengeskap og stakk av med ungkarens surt oppsparte midlar.

— Ein av dei fire er her frå kommunen, dei tre øvrige er heimehøyrande i Nordfjord, opplyser lensmann Oddvar Indrebø i Askvoll.

— Det kan sjå ut som om mannen herfrå har vore ein slags kjentmann for dei tre andre.

Ifølgje Indrebø har 23-åringen frå Askvoll lagt korta på bordet, og politiet meiner dei fire har delt utbyttet likt mellom seg. Under ransaking heime hjå Askvoll-mannen kom ein fjerdedel av ransutbyttet til rette. Politiet har så langt ikkje funne resten av pengane.

Varetektsfengsling - Vi vil framstille dei sikta for varetekts-fengsling i løpet av onsdagen, seier Indrebø, som ikkje vil gå i detalj rundt kva dei tre nordfjordingane har forklart.

— Avhøyra pågår enno, seier lensmannen. Politiet har godt håp om å finne resten av pengane som vart stolne. Indrebø er svært glad for at saka ser ut til å bli oppklart, og har berre eit hjartesukk:

— Eg vil berre håpe at han vel å bruke banken til sparepengane sine heretter, seier lensmannen.

FRASTJÅLET 500.000: Harald Tjønneland var på sykkeltur. Da han kom hjem, hadde tyver brutt seg inn i pengeskapet.
FOTO: STEINAR LOTE, NRK