Frå Flekkefjord i sør til Smøla i nord: Ingen har større nedgang i folketalet enn Askvoll. 78 fleire flytta eller gjekk bort enn det kom til nye, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

— Uff, er det så ille. Vi må berre prøve å halde motet oppe, seier Askvoll-ordførar Aud Kari Steinsland. Færre folk fører til mindre inntekter.

— Dermed må vi bruke alt vi har av pengar på å oppretthalde tenestetilbodet i ein kommune med spreidd folkesetnad, seier Steinsland.

Korleis trenden skal snu, er eit ope spørsmål.

— Det spørsmålet har eg fått tusen gonger, og det er like vanskeleg kvar gong. Det handlar om å formidle kor flott det er i Askvoll. Men samtidig hjelper det ikkje utan arbeidsplassar. Folk flyttar ikkje hit på grunn av natur, seier ordføraren. Då hjelper det meir at delar av kommunen ligg i pendlaravstand til Førde.

I prosentvis nedgang er det derimot Fedje som er verst ute på Vestlandet. Der forsvann nærare fire prosent av folketalet - noko som utgjer ein minus på 24 menneske.