Eli Lund Jensen og Irunn Sørensen gjekk til sak mot Askøy kommune etter at dei vart sagt opp ved Askøy sjukeheim og flytta over i andre stillingar på grunn av ein arbeidskonflikt. Dei to vann i byretten, men tapte heilt i lagmannsretten — ein dom dei anka. No har kjæremålsutvalet i Høgsterett avvist anken, og dommen frå Gulating blir dermed ståande.

Saka har versert i rettsapparatet i fleire år; først då Irunn Sørensen gjekk til injuriesak mot kommunen og to tidlegare kollegar, og seinare då Sørensen og Lund Jensen saman saksøkte kommunen for å få kjent oppseiingane ugyldige.

— Enormt gledeleg, seier seksjonsleiar Alfhild Helland ved Helsetunet på Askøy om avgjerda.

— Det er veldig godt å bli ferdig med saka. Desse fire åra har medført veldig stor slitasje blant dei tilsette. Det er også godt å få slått fast at kommunen har lov til å omplassere tilsette, seier Helland.

Dei to hjelpepleiarane slepp å betale sakskostnadane sjølve. Norsk Kommuneforbund tek rekninga for dei to medlemma.

— Det kjennest ille å ikkje få prøvd saka i Høgsterett, etter å ha vunne i byretten og tapt i lagmannsretten. Klientane mine held fast ved at dommen frå Gulating er feil og urimeleg, seier advokat Harald S. Kobbe, som førte saka for hjelpepleiarane.