Kommunestyret vedtok like før jul å redusera dei 1,5 millionar kronene som var til disposisjon for Askøy Utviklingsselskap AS i 2002 til berre 100 000 kroner i 2003, melder Kystradioen.

Askøy Utviklingsselskap meiner at deira daglege leiar, Tore Dale, innehar næringssjef-funksjonen i Askøy og at kommunen dermed har det fulle arbeidsgjevaransvaret for han. Tore Dale er løna av Askøy kommune, men dette ser rådmann Per Edvard Hillestad på som ei praktisk løysing.

Rådmannen konkluderer med at det ikkje skal vera næringssjef i kommunen, men at desse oppgåvene blir ivaretatt av dei tilsette i kommunen. Hillestad avviser overfor Kystradioen at næringsutvikling i Askøy med dette vil bli eit venstrehandsarbeid.