Ifølgje rådmannen manglar kommunen 33,2 millionar kroner i 2007 for å vidareføra drifta slik ho er i dag.

Dei neste tre åra er det årlege gapet mellom inntekter og utgifter mellom 56 og 61 millionar kroner.

Ifølgje rådmann Per Edvard Hillestad er dette truleg den største økonomiske utfordrninga kommunen nokonsinne har hatt dersom rammevilkåra blir ståande. I løpet av dei komande fire åra føreslår rådmannen nye investeringar for 266 millionar kroner. Hillestad seier til Kystradoen at det både er utfordrande og positivt å vera ein vekstkommune som Askøy.

Gruppeleiar Roald Steinseide i Framstegspartiet legg all skuld på fleirtalet i kommunen som han meiner ikkje tar dei nødvendige grep for å få kontroll over økonomien.