Færingar i tre la til kai ved sida av plastbåtar i mangemillionsjiktet.

Alle tonnasjeklassar blei nøye saumfarne av kaivandrarane på Sæbøvik.

Rundt 15 båtar frå «Princess-klubben» på Vestlandet var samla i helga, det er tredje gongen det skjer på Sæbøvik.

For dei sju robåtane i Halsnøy Rundt var Sæbøvik berre eit kort strandhogg på den 22 sjømil lange turen rundt Halsnøy. I tillegg var det stopp på Halsnøy Kloster og overnatting ved Toftekalven der Skånevikfjorden går over i Høylandsundet.

Over 25 personar deltok i det første Halsnøy Rundt, arrangert av Kvinnherad Kystlag. Mange tok til årane i sjølvlaga færingar, blant dei Jan Steinsland og Leif Jarle Kaldestad. Kanskje kan roturen bli ein årviss tradisjon som Tysnes Rundt, ifølgje Gunn Jorunn Steinsland i tilskiparlaget.

KONTRAST: Seks færingar og ein bindalsbåt møtte 15 Princess cabincruisarar på Sæbøvik laurdag. Her gjer Ole Kjell Storesund, Anders P. Valvatne, Janne Krossøy Røssland og Marianne Røssland (bakerst) strandhogg på turen Halsnøy Rundt. ), dei to førstnemnde frå Sagvåg Kystlag i ein bindalsbåt, damene frå Kvinnherad Kystlag ror den nybygde færingen «Vestvik».
FOTO: OVE OLDERKJÆR