Kjelsnes blei vald med 26 av 39 stemmer. Ap, Sp, KrF og SV samarbeidde ved konstitueringa. Sps Jenny Følling blei vald til ny varaordførar.

Høgre, Venstre og Frp kom med framlegg om Noralv Distad (H) som fylkesordførar og Frank Willy Djuvik som fylkesvaraordførar.

Med respekt

- Eg vil først takke for tilliten eg har blitt vist, og det er med stor respekt eg tek over dette vervet. Som fylkesordførar vil eg leggje stor vekt på å få til eit godt samarbeid med heile fylkestinget. Eg ønskjer å vere ein fylkesordførar for alle og inviterer til godt samarbeid , sa Kjelsnes etter kjedeoverrekkinga.

Medlemene av fylkesutvalet for perioden  2011–2015 er også klare. Desse erÅshild Kjelsnes (Ap), Jenny Følling (Sp), Nils P. Støyva (Ap), Anders Ryssdal (Sp), Karen Marie Hjelmeseter (Sp), Trude Brosvik (KrF), Noralv Distad (H), Frank Willy Djuvik (FrP) og Marit Barsnes Krogsæter (V).

BIRTHE JOHANNE FINSTAD

Eit punktum

Det nyvalde fylkestinget er i dag samla til konstituerande møte i Førde. Samstundes sette Nils R. Sandal (Sp) punktum for sitt politiske liv. Sandal avslutta den tolv år lange regjeringstida si som fylkesordførar med å leie valet av etterfølgjaren.

Nils R. Sandal leverer frå seg fylkesordførarkjeda til Åshild Kjelsnes.