Etter ein knapp mannsalder under mamma Aslaug (77) sitt trygge tak, har Asgeir flytta for seg sjølv.

— Livet er topp. Her har eg det stille og fredeleg. Bråk har eg ikkje så mykje til overs for. No kan eg sitja inne og kosa meg - lesa, høyra musikk og sjå tv, seier gladguten som har Downs syndrom.

Etter fire år i bustadkø i Austevoll kommune tok Aslaug Sivertsen og familien eige grep. Då BT omtala saka for halvtanna år sidan var grunnmuren akkurat påbyrja. I dag står huset der, fiks ferdig.

Flatskjerm

Asgeir møter oss i den fliselagde gangen, med eit handtrykk og eit stort smil. Det er tydeleg at han trivst. Den vannborne varmen strålar opp frå det lekre parkettgolvet i stova. I reolen står flatskjermen - ei innflyttingsgåve frå ein onkel. Indiana Jones-trilogien på dvd står i hylla og Se og Hør ligg på bordet. Ungkarsstemninga er det ingen ting i vegen med.

— Asgeir har fått det fantastisk godt, seier mora.

Ho kviler også på tryggleiken om at sonen ikkje vert kasta ut frå bustaden sin og flytta rundt, noko som gjerne er baksida av medaljen ved buordningar i kommunal regi.

På slutten av 90-talet la Austevoll kommune ned eit døgnbemanna bukollektiv. Trongen for fleire HVPU-bustader er stor.

— Dette er eit område der kommunen heng og blør. Det kan du trygt seia, stadfestar helse- og sosialsjef i Austevoll, Arve Sunde.

1500 i bustadkø

Asgeir Sivertsen har husbanklån og finansierer huset sitt sjølv gjennom trygd, tilskot og bustøtte. Helene Holand, leiar i Norsk Forbund for Utviklingshemma, meiner at dette er eit eksempel til etterfølging.

— Kommunalt tilsette er altfor lite flinke til å gå ut og informera om kva alternativ som finst. Utviklingshemma har inntekt og er i stand til å finansiera eit lån. All ungdom vert råda til å investera i fast bustad, berre ikkje dei utviklingshemma. Akkurat det har eg liten forståing for.

I 2001 stod 1500 utviklingshemma i bustadkø i Noreg.

— Me er i ferd med å henta inn nye tal, og eg fryktar at dei er høgare no, seier Helene Holand.

Letta mor

Det var ingen sjølvfølgje at overgangen frå den trygge barndomsheimen på Austevollshella, ein ferjetur unna på Storebø, skulle gå knirkefritt for Asgeir Sivertsen. Difor er det ei svært letta mor som sit og fortel om suksessen.

— Eg kvidde meg jo til han skulle flytta, eg gjorde det. Eg anka veldig. Asgeir har liksom alltid budd heime. Han er det kjæraste eg har og me har hatt fantastisk kjekke år. Men til slutt vart det for tøft å sitja med ansvaret 24 timar i døgeret. Særleg etter at mannen min døydde for åtte år sidan. Eg er ingen ungdom lenger, og utan avlasting ville eg truleg ha stupt til slutt, innrømmer ho.

Likevel frykta ho at yngstesonen kom til å sitja isolert i huset sitt, grina og lengta heim. I staden har det stikk motsette skjedd.

— Asgeir er blidare og meir harmonisk enn nokon gong, seier storebror Arild Sivertsen.

Så godt har Asgeir fått det, at han ikkje eingong har lyst på overnattingsgjester. Han vil visa for heile verda at han klarar seg sjølv, så gjesterommet har 36-åringen like godt gjort om til kontor.

— Eg er den einaste som har fått lov til å overnatta. Men først måtte eg bestikka han med ein dvd-film, smiler Arild.

Slengkyss

Asgeir får tilsyn frå Eidsbøen bufellesskap som ligg i nabolaget. Klokka 2230 står han i vindauga sitt og vinkar og sender slengkyss til nattevakta over vegen. Tilsynet hjelper han også med bading og rydding. Dei ser også til at han kjem seg på jobb om morgonen.

Arbeidsplassen hans, den verna verksemda Austevoll ASV AS, ligg berre eit steinkast unna.

— Eg er tilsett på vaskeriet. Kjempegøy. Men når arbeidsdagen er slutt klokka 15 er eg trøytt. Av og til snik eg meg til ein middagslur, forklarar Asgeir.

Og legg beina på stovebordet som berre ein huseigar kan.

Odd Mehus
Odd Mehus
Odd Mehus