Eit engelsk selskap går frå dør til dør på Sotra og tilbyr asfaltering av oppkjørslar.Asfaltleggjarane blir skulda av Fellesforbundet for å drive svart arbeid, og for ikkje å ha dei nødvendige papira i orden. Bergens Tidende møtte arbeidslaget i Sund på Sotra onsdag. Fem karar var i full gang med å asfaltere ein privat veg. Engelskmennene var svært lite villige til å snakke med journalistar.— Eg har tre-fire selskap som er registrert i Noreg. Eg kan ikkje fortelje deg kva dei heiter, sa den eine av karane. Han ville ikkje presentere seg, og BT fekk i klare ordelag beskjed om ryke og reise.Kledd i blazer, dressbukser og blanke lakksko spadde karane asfalt og køyrde vegvalsen så sveitten rann. Kontant oppgjer Heller ikkje Svein Johannessen frå Fellesforbundet fekk svar på spørsmåla sine.- Alt oppgjer skjer kontant, og det umogleg å finne noko registrert firma desse opererer frå. All erfaring tilseier at dette er svart arbeid, seier Johannessen. Bergens Tidende fekk oppgitt firmanamnet Walker's Asfalt av ein av arbeidarane på Sotra. Men på telefonen hos Walker's Asfalt - som er registrert i Brønnøysund og leverer momsoppgåver som dei skal til fylkesskattekontoret - får BT vite at selskapet ikkje har noko arbeid på gang i bergensområdet. Ikkje registrert firma Karane BT møtte sa at dei kjem frå Nord-England, og at dei har vore her i landet eit par veker. - Du må ikkje skrive noko i avisa. Då blir vi kanskje kasta ut. Det har kosta meg 500.000 kroner å kome hit med alt utstyret. Eg har ti mann som treng mat og varme. Vi må arbeide - elles vil jo mennene mine svelte, sa ein av dei. Arbeidslaget skal tidlegare i sommar ha vore fleire andre stader rundt Bergen. Blant anna skal Lindås og Os ha hatt besøk av engelske asfaltleggarar. Dei reiser rundt i campingvogner, og bur no i Telavåg. Sjefen for karane BT møtte skal heite Shane Allen Cresswell.- Eg hjalp han med å skaffe søknadspapir til firmaet hans, Allen Construction, frå Brønnøysund. Sidan har eg ikkje hatt noko med han å gjere, seier Aase Robertstad i Aase Dataregnskap i Åsane.Allen Construction er ikkje registrert som firma i Noreg, slik regelverket krev for å ta på seg oppdrag her til lands. Fleire tips til politiet Politiet på Sotra sette i går i gang etterforsking, etter å ha fått fleire spørsmål om kva karane driv med. - Vi har høyrt at mange har fått tilbud om å få utført arbeid. Dersom det er rett at selskapet ikkje er registrert, må vi sjå nærare på saka. Vi er i ferd med å undersøkje dette no, seier lensmann Oddvar Ågotnes i Fjell og Sund.Fellesforbundet ønskjer å få sett ein stoppar for svart asfaltlegging.- Det undergrev marknaden og øydelegg for dei seriøse bedriftene der våre medlemmar arbeider. Det kan vi ikkje sitje og sjå på, seier organisasjonsarbeidar Roger Johansen i Fellesforbundet.