I staden har vi i dei siste åra sett eit Åsane lag som har kjempa for å overleve i 2. divisjon mens Løv-Ham er det beste laget i Bergen etter Brann. Problemet er slik det er no så er faktisk Åsane avhengige av at Odd eller Start rykke ned frå Eliteserien eller at Fyllingen og Løv-Ham slår seg saman, eller av at Sparta Sarpsborg og Sarpsborg slår seg saman.

Om ikkje fleire av desse tinga skjer kjem ein til å få situasjonar der Åsane, Bergen Nord, Hovding og Tertnes sloss nede i 3. divisjon til inga nytte. Ein samanslåing av fleire av desse laga samt eventuelt og med Flaktveit kunne ha bidrege til at vi hadde fått eit topp lag frå Åsane bydel.

Namn og Stadion er vel kanskje ikkje så viktig å diskutere så tidleg i ein eventuell debatt. Det nærliggjande hadde vel at ein hadde fått eit dekkjande namn for heile bydelen som alle innbyggjarane kunne ha kjent seg att i. Heimebane hadde vel vore det beste kanskje å bruke Åsane si noverande heimebane i og med at den ligg ganske så sentralt til. Dei respektive laga kunne fortsett å ha halde til lengre nedover i divisjonane på same måte som Haugar og Djerv 1919 enno er å finne nedover i Rogaland sine divisjonar.

Skal vi få eit skikkeleg topp lag som kan ta opp kampen med Fyllingen og Løv-Ham å bli byens nest beste lag og skal vi fortsett få fram spelarar som Alex Valencia, Helge Haugen, Kenneth Storvik og i framtida så er ein nøydd til å få ei samanslåing i Åsane. Slik at dei beste spelarane kan væra i ein og same klubb.

Leif Solvang