Tysdag denne veka overvar Arve Vatne (83) anleggsstarten for nok ei utbygging i Blåfalli-systemet, med sonen Dagfinn (47) som prosjektleiar for nye Blåfalli Vik kraftverk til vel ein halv milliard kroner.

Arve Vatne kom som ingeniør til Matre i Kvinnherad i 1946 og var med frå den første kraftutbygginga i regi av nyskipa Sunnhordland Kraftlag (SKL). Vatne var anleggsleiar i Matre fram til 1963, då han blei administrerande direktør ved SKLs hovudkontor på Stord. Han sat i toppstillinga til han gjekk av med pensjon i 1988.

Eit eventyr

I dag har SKL sju kraftstasjonar i drift i det nedbørsrike feltet mellom Folgefonna og Matrefjorden. Blåfalli Vik blir sjølve Rolls Royc-en når stasjonen opnar 1. september 2006, og erstattar to gamle kraftverk.

Utbygginga i Kvinnherad-fjella har vore eit eventyr for SKL. Jamnt tilsig året rundt på grunn av både bresmelting og regn har gjort kraftgrossisten til ein attraktiv leverandør. Økonomisk går òg selskapet så det susar i turbinane; i fjor var overskotet etter skatt 205 millionar, dei fire føregåande åra låg det mellom 100 og 150 millionar.

— Det var et utrolig slit de første årene, seier Arve Vatne på kav bergensk.

Faren og slektsnamnet kom frå Ålesund-kanten, men Arve Vatne er oppvaksen i Bergen. I 1946 blei den unge sivilingeniøren beden om å ta fatt på Blåfalli-utbygginga i Sunnhordland. Kontakten blei ordna av Jacob Eide, direktør for Bergen Tekniske Skole, politikar og styreformann i BKK.

— Eg ble værende i Matre i 16 år, fortel 83-åringen.

I Indre Matre fann han seg kona Borgny, og der vaks dei fem borna - fire jenter og ein gut - opp. Borgny og Arve nyt i dag pensjonisttilværet i huset på Leirvik.

Krigsmateriell

— Gjenreisningen etter krigen ga en veldig driv over de som stelte med kraftutbyggingen. Men det var store utfordringer både økonomisk og materiellmessig, minnest Arve Vatne.

Til kraftstasjonen på Opstveit i Matre måtte SKL dels nytta seg av polske stålrøyr som tyskarane hadde tenkt brukt i Tyssedal. Det renn framleis energiproduserande vatn gjennom desse røyra. Men når Blåfalli Vik er i drift om vel to år, er det slutt for stasjonen frå 1953, Blåfalli II.

Arve Vatne hadde ofte sonen Dagfinn med rundt på dei mange anlegga i Kvinnherad-fjella. Etter teknisk utdanning i Bergen blei også Vatne junior tilsett i SKL, der han har vore sentral i fleire av dei siste utbyggingsprosjekta.

I SKLs 50 års jubileumsbok skriv Sjur Tjelmeland om ei dramatisk hending for Arve Vatne under anleggsdrifta i 1954. På veg heim frå Blådal til Matre gjekk kollegaen Kjell Matre gjennom isen på Brandvikvatn. Etter mykje strev fekk Vatne drege Matre opp. Først vel eit halvt døger seinare nådde dei heim.

— Ja, det var dramatisk, seier Arve Vatne 50 år etterpå.

KRAFTKARAR: Prosjektleiar for det nye Blåfalli Vik kraftverk, Dagfinn Vatne (47) fører vidare utbyggingsverket i Kvinnherad-fjella etter faren Arve (83).<p/> FOTO: IVAR VAAGE, GRENDA