Det kunne gått langt verre. I staden for friskluft kom det rein, eksplosiv oksygen inn i maska. Ei lita gneist frå brennearbeid i nærleiken var nok til å setja heile overkroppen til den 54 år gamle leigearbeidaren i full fyr på Aker Stord 2. oktober.

— Eg er glad for at eg ikkje skaffa meg heildekkjande maske, slik eg hadde tenkt. I så fall hadde heile hovudet blitt blåst av, seier den 54-årige finnen, busett i Stavanger.

Etter to veker på brannskadeavdelinga ved Haukeland universitetssykehus er finnen rekonvalesent heime i Stavanger, der Bergens Tidende møter han.

Stod om livet

Det stod om livet. Men arbeidaren sette straks i gong sløkking ved å kasta jord og sand på seg sjølv. Arbeidskameratar kom til for å hjelpa. Den brennande oksygenslangen som hang i beltet blei røska vekk. Gummimaska som dekte munn og nase smelta totalt i den sterke varmen.

Finnen var bevisst då dei køyrte han på sjukehuset på Stord og inntil han skulle vidare med helikopter til Haukeland. Deretter var han «borte» i ni dagar. Han fekk store morfindosar mot smertene, og pådrog seg lungebetennelse.

54-åringen hugsar ikkje at kona var hos han på Haukeland i fleire dagar.

Han tenner seg ein røyk. Han er blitt var for open flamme, veit ikkje om han psykisk vil tola å arbeida med skjerebrenning meir.

— Eg er redd for ein psykisk reaksjon. På Haukeland reagerte eg sterkt straks eg såg ei oksygenflaske, seier han.

— Eg fekk ikkje panikk. Men tusen grader er f... så varmt. Også for oss som er vane med sauna, seier finnen sjølvironisk.

Lansebrenning

I over 30 år har finnen drive med plate- og røyrarbeid, dei siste åra som tilsett i Sandefjord-firmaet Marine Weld. Til opphoggingsprosjektet på Maureen-plattforma på Eldøyane på Stord kom han i januar i år.

Før ulukka arbeidde 54-åringen med å kutta opp tjukt stålunderstell ved hjelp av flammen frå brent oksygen som blir tilført gjennom lange, handhaldne lansar.

Arbeidarane ber friskluftsmasker kopla til eit felles uttak som er forsynt med pusteluft frå ein kompressor. Ved ein menneskeleg feil er ein oksygenslange som skulle til lansebrennarane kopla til pusteluftanlegget.

Aker Stord meinte på førehand at det ikkje let seg gjera å kopla feil, men det skjedde altså. Verftet har avslutta arbeidet i ein intern granskingskommisjon, og veit kva som skjedde.

Ifølgje leiar for Maureen-prosjektet, Karl Johan Pedersen, er pusteluftsystemet for sikkerhets skuld lagt om etter ulukka. Politietterforskinga i saka er ikkje ferdig.

— Eg skulle til å førebu brenning og var i ferd med å tenna lansen. Då skjedde det. Eg kjende ingen lukt, fekk ingen varsel. Eg var berre på feil stad til feil tid.

— Eg er ikkje forbanna, men slike feil skal ikkje skje i 2002. Det var ein menneskeleg feil, men ingen gjorde dette med vilje mot meg, seier 54-åringen, som forfølgjer saka gjennom fagorganisasjonen sin, Fellesforbundet.