Det skal snart fossa om baugen. Når ti roarar legg seg over årene, blir det fart på farkosten. Men viktigast på «Tysnes Rundt» er å ha det kjekt og sosialt.

Det er ikkje berre på grunn av fargen vengbåten skil seg ut. Ni av dei 12 om bord er døve eller hørslehemma, og for kaptein Arne har det vore nærast ei livsoppgåve å spreia den glade robodskapen i døvemiljøet.

— Dette er draumen som går i oppfylling, seier 58-åringen.

Han er frå Tysnes, men bur i Bergen. For berre nokre få år sidan var det knapt nokon i miljøet hans som visste om Tysnes. Etter at Arne tok initiativ til den årlege roturen rundt øya han kjem frå, er Tysnes blitt eit slags allemannseige i døvemiljøet.

— Minst like kjend som Stord, i alle fall, humrar Arne tilfreds.

Veteran

Arne hugsar ikkje heilt, men han trur hans første tur rundt Tysnes var så langt attende som i 1998. I Oselvar saman med kompisen Herman, lærar på døveskulen.

— Men då vart vi liksom litt åleine og utanfor den store hop. Det var då ideen kom om å prøva å samla fleire døve og skapa ein møteplass i samband med «Tysnes Rundt», seier Arne.

Det er blitt ein stor suksess, og fleire av dei som deltek i årets regatta, har vore med før. Tilbod om å delta går ut til døve frå heile landet, og tre av årets mannskap kjem frå Oslo, to frå Stavanger/Jæren. Resten bur i Bergen.

Karane og jentene om bord i vengbåten gler seg til turen, men fryden er blanda med skrekk hjå somme av debutantane.

Hedvig (i 40-åra) seier ho gruar seg litt.

— For eg veit ikkje heilt om eg er i god nok form.

To overnattingar

Då er ikkje vengbåten den verste ho kan vera i. Her er det råd å kvila om ein blir trøytt, og høve til å setja seg under tak om det skulle bli regn.

— Men vi håpar på godt vêr og ein kjekk tur. I natt skal vi sova i eit forsamlingslokale i Flakkavågen. Natt til sundag overnattar vi i lavvo på Solstråleøya i Godøy, fortel Arne Nesse.

Tysdag var han i Rosendal og henta vengbåten, ein kopi av stasbåten som høyrde til Baroniet. Alle førebuingane til turen har kravd sin mann, men sjølv om det kan vera slitsamt å vera primus motor, er det ein yr 58-åring som tek på seg kapteinshua og legg seg over årene.

— Det er slitsamt, men mest gøy, forsikrar Arne Nesse.

Den originale roturen

Vengbåten frå Rosendal var ein av rundt femti båtar som la i veg på tredagarsturen rundt Tysnes nokre minutt før klokka sju i går kveld. Årets utgåve av «Tysnes Rundt» er den trettande i rekkja. Ifølgje tilskiparane er «Tysnes Rundt» den originale roturen.

— Andre har freista å plagiera oss, utan å få det heilt til. Til oss kjem det roarar frå fleire kantar av landet, og eitt år kom det folk like frå Shetland, fortel Magne Fauskanger i Tysnes Kystlag.

«Tysnes Rundt» er ingen konkurranse, men ein rotur i flott natur, og aller helst godt vêr.

— Vi skal ro i samla flokk, eta og kosa oss saman, og koma i mål i samla flokk, seier Fauskanger.

Her kan du besøke BT-båten

Øivind Christensen
Øivind Christensen