Diktet stod på trykk første gong i BT i november 2005. I anledning dagens historiske hending — her er det på nytt:

Arne Speed Mikalsens store brudikt

_Eg har traktor og pollen,

Og eg har femti Olav H. Hauge-dikt i knollen.

Eg har fjord, fjell og hotell,

og eg har Sverre Kleivkås under ein morell.

Eg har sider og dunk,

og i helga kostar eg på meg ein…

Eg har alt som eg trenge, nesten…

Eg har alt som eg trenge, nesten…

Men eg har inga bru, og då kan det vera faen med resten!_

_Eg har muggost og hentesveis,

og eg har jaktkort og ti liter utebeis.

Eg har en stilig pins frå 4H,

og eg har elskerinna på Nå.

Eg har middagskvil klokka fem,

og omtrent same humor som Nils Johan Semb.

Eg har subsidiar og splitter ny postordre-brud.

Eg held Folkalappen og ni av ti bud.

Eg har alt eg trenge, nesten…

Eg har alt eg trenge, nesten…

Men eg har inga bru, og då kan det vera faen med resten!_

_Men no kjenner eg stemninga snu.

No blir det bru, ja, det er ikkje til å tru!

Eg syngje: Sutta-mi-sutta-mi-sutta-litta-lu!

Å hutte meg tutten tatten ditten datten tu!

Ja, no blir da H-A-R-D-A-N-G-E-R-B-R-U!_

Frode Grytten508.jpg