— Signalressursen er eit tøtsji tema, sa samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa på konferanse Jernbaneforum 2011 i Oslo onsdag.

Konferansen handlar veldig lite om Vestlandet i år. Det næraste ein er komen til no, er ei feilsnakking for Vestfold.

Men signal vedkjem Vestlandet, og særleg Bergen stasjon. Planlegging av dobbeltspor til Arna vart snudd på hovudet av mangel på ingeniørar med kjennskap til signalanlegg. Oslo-området vart prioritert, og i Bergen er planlegging av tunnelsprenging framskunda med håp om at signalkrisa er over når dei er ferdige.

Er i gang

— Vi er godt i gang. Det har vore lettare å rekruttera ingeniørar til Jernbaneverket den siste tida. Men det tek to år med spesialopplæring før ein ingeniør har god nok tilleggskompetanse, seier jernbanedirektør Elisabeth Enger.

— Dessutan er det våre eigne signalingeniørar som må læra opp dei nye. Dei har eigentleg hendene fulle med arbeidet sitt, og vi har ein vanskeleg balansegang her, legg ho til.

Jernbanedirektøren kan ikkje garantera at ho har mange nok signalingeniørar til å halda timeplanen for Bergen stasjon.

— Og du kan ikkje importera polakkar?

— Nei, heller ikkje franskmenn eller tyskarar. Signalsystemet vårt er diverre ganske særnorsk. Vi ser fram til å kunne endra til det nye systemet ERTMS som er vanleg elles i Europa. Då kan vi rekruttera frå den internasjonale marknaden.

Siktemålet er å ta i bruk ERTMS her i landet innan 2030.

- Ikkje vår skuld

Statsråden la mykje av skulda på tidlegare regjering som ville privatisera jernbanearbeid.

— Det var ikkje særleg lurt å senda fagfolka i Jernbaneverket på dør, med sluttpakke! sa Magnhild Meltveit Kleppa.