Førebels har Cubus-arkitekten ikkje fått gjennomført ideén om å la den gedigne steingarden som går tvers gjennom huset, halda fram på baksida og leia folket på eldgamle stier til fjells.

Meir å gjera

— Men eg har ikkje heilt gitt meg på dette. Ein vakker dag står muren der, spår arkitekt Brochmann overfor Bergens Tidende.

I går vart hallen offisielt opna, med fylkesmann Svein Alsaker som snorskjerar, og promotor for Hardangerbrua. Plassert ved foten av Hardangervidda, i majestetiske omgjevnader, og rett attmed ein av våre mest trafikkerte turistvegar, har dette senteret betre sjanse til å lykkast enn dei fleste, sa fylkesmannen. Aller først slo ordførar Anved Johan Tveit fast at nybygget vil framstå som ein attraksjon.

— Ei arkitektonisk perle, er alt brukt, hadde han registrert.

Særmerkt

Halve nybygget er ein særmerkt kafé/restaurant, som skal drivast av Siv Hereid i Eidfjord Kafedrift.

Skiljeveggen i grov naturstein har peisar innfeldt på restaurant-sida. På andre sida ligg souvenirbutikken og Statens Naturoppsyn (SNO) sine nye lokale.

På jakt etter toaletta? Du finn dei i ei steinbu med skifertak som er bygt inne i hallen. Eit hus inne i huset.

Flyttinga av kafe og souvenirbutikk og administrasjonskontor over i nybygget gir desse funksjonane betre plass. Men det gir også auka plass til utstillingar i det opphavelege senteret på andre sida av lokalvegen.

Undervisning

Statens Naturoppsyn skal ikkje berre halda overivrige jegrar på Vidda i øyrene. Her har dei også fått lokale til å læra komande slekter i Hardanger og Bergensområdet om natur og om berekraftig utvikling, frå neste år ein gong.

— Etableringa i Eidfjord vart dyr for ein liten, fattig statsetat som vår, men vi let oss overtala til slutt av Oddvar Brakestad, fortalde direktør Kai Erik Tørdal i Naturoppsynet.

Hardangervidde-sentra ved Møsvatn og i Øvre Eidfjord vil stå sentralt i SNO sitt engasjement i FN-deklarerte «Fjellets år» 2002. I sommar skal ein større ryddeaksjon avsluttast med å henta ut fleire tonn søppel frå Hardangervidda med helikopter.

Solide dimensjonar.

Gamle steinbuer med bindingsverk av tre, har stått modell for nybygget som i mangel på namn framleis går under arbeidstittelen Hardangerviddehallen.

Bruttoarealet er nær 1260 kvadratmeter, og kostnaden kalkulert til rundt 20 millionar kroner i fjor. Besøkstala i Hardangervidda Natursenter Eidfjord har lagt rundt 55.000 årleg. Med fleire attraksjonar og betre mattilbod vonar administrerande direktør Oddvar Brakestad at enda fleire i den strie turiststraumen skal stoppa. Budsjetta toler ikkje vinterstengd veg over Vidda. Planane for hallen vart presentert for ålmenta i februar i fjor. Ikkje lenge etter gjekk entreprenør Samson Tjoberg og hans folk i gang. I september vart grunnsteinen lagt ned, og i går var det offisiell opning.

MERKEDAG: Eidfjordungdom er dansande glade for at Hardangerviddehallen er klar for opning.
FOTO: ARNE HOFSETH