I eit brev til Olje— og energidepartementet rettar forbundet krass kritikk mot Statnett og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Forbundet meiner at samarbeidet mellom forvaltningsnivåa har vore dårleg.

— Vi kan ikkje sjå at verken NVE eller Statnett har hatt tilsett landskapsarkitekt i perioden der desse linjene har vore utgreidde. Dette gjer utgreiingane og konsesjonshandsaminga sårbare for landskapsfaglege vurderingar, meiner presidenten i NLF, Anne Fagerheim.

BKK brukar på si side landskapsarkitektar og designarar i si planlegging av den nye kraftlinja frå Modalen til Kollsnes i Øygarden.

Norsk ansvar

Planane om to nye 420 kV kraftlinjer på Vestlandet ligg no til slutthandsaming hos olje— og energiminister Terje Riis-Johansen. Luftspenna frå Sima til Samnanger i Hardanger. Og frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre, blir mellom dei største i landet. Luftlinjene er sterkt omstridde, mellom anna fordi dei går gjennom noko av det mest verdfulle i norsk natur. Det uroar også landskapsarkitektane:

— Vi er bekymra for korleis kraftlinjene verkar på det vestnorske fjordlandskapet. Delar av landskapet har fått sin rettmessige plass på verdsarvlista. Det inneber at desse landskapa og kringliggjande landskap har ei særskild merksemd frå verdssamfunnet. Då har dei ikkje verdi berre lokalt, nasjonalt eller for turistar. Landskapa har så stor verdi at berre det å vite at landskapa er der og blitt godt tekne vare på, framstår som spesielt viktig. Det fell på Norge som nasjon å utøve dette ansvaret.

Likholefossen

NLF viser til at regjeringa i august presenterte «Arkitektur NÅ», eit første felles dokument som skal meisle ut ein ny arkitekturpolitikk i landet. Her blir det å minimalisere negative inngrep i landskapet presentert som eit mål. Verkemiddel er element som kamuflasje, landskapstilpassa leidningsdesign, og traséval.

Landskapsarkitektane oppmodar difor departementet om å leggje kraftlinjeplanane på Vestlandet fram for kompetente arkitektfaglege miljø. NLF viser til at kraftlinjene vil kome i konflikt med dei nasjonale turistvegane fleire stader. Eit døme er på riksveg 13 over Gaularfjellet, der vegvesenet i 2005 bygde ei arkitektteikna gangbru over Likholefossen.

Designkonkurranse

— På same plassen vil du få førsteklasses utsyn til den nye 420 kV kraftlinja, påpeikar forbundet for landskapsarkitektane.

Dei viser konkret til arkitekturrådet som er oppretta for dei nasjonale turistvegane. Forbundet tek dessutan til orde for ein internasjonal designkonkurranse.

— Anten skal ikkje kraftlinjene samlokaliserast med Nasjonal turistveg, eller så meiner vi problemet skal presenterast i ein internasjonal plan- og designkonkurranse som må kunne svare på korleis dette kan løysast, meiner arkitektane. Kva meiner du om kraftlinjene? Sei di meining i kommentarfeltet nederst i artikkelen.