Folkevegen vart for alvor innfallsporten til Jotunheimen Nasjonalpark.

Mellom 300 og 400 menneske trossa det grå vêret for å delta i jubileumsmarsjen. Mange eldre mimra tilbake til tida då arbeidet stod på som verst, medan dei yngste tok til seg inntrykka av kva eldre generasjonar har skapt i Årdal.

Optimismens prosjekt

— Hadde me stoppa opp for å sjå på alle detaljar, og tenkt over kva ansvar me hadde den gongen, er det ikkje sikkert me hadde hatt noko å feire i dag, sa dugnadsformann og ein av initiativtakarane til folkevegen, Jan B. Paulsen. I talen la han vekt på dugnadsarbeid som ein positiv og sosial arena i samfunnet.

— Under arbeidet med Folkevegen vart problem gjort om til utfordringar, og deretter utarbeidd løysingar. Det var optimisme og samarbeid, men også slit og dramatikk, sa Paulsen til dei frammøtte.

Typisk norsk

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete deltok også på arrangementet, og omtalte i talen dugnad som typisk norsk. Ho rosa dugnadsanda og folka i Årdal for deira vilje og evne til å gjennomføre arbeidet for 30 år sidan.

— Dei gjorde det flotte området tilgjengeleg både for vanlege folk og turistar. Me treng pådrivarar og eldsjeler, det er slik me bringer samfunnet vidare, fastslo statsråden.