Vatnet vart vurdert av eit ekspertpanel med representantar frå Vinmonopolet, magasinet Aperitif, næringsmiddelindustrien og vanlege brukarar. Dei la i hovudsak vekt på lukt og smak i blindsmakinga, og kåra til slutt vatnet frå Årdal til det alle beste blant 14 finalistar.

Paradoks

— Det er kanskje eit paradoks at det mest einsidige industrisamfunnet i landet har det beste drikkevatnet, men vatnet vårt er betre enn alt det du får kjøpt på flaske, meiner Arne Kjos, fagansvarleg for vatnet i Årdal.

Han trur først og fremst at det er naturen som velsignar dei vel 2000 brukarane med det reine, gode drikkevatnet i Årdal.

— Vi pumpar vatnet rett opp frå grunnen ved foten av Jotunheimen og ut på nettet. Vi tilset ikkje klor eller noko anna. I tillegg er det avgjerande at vassverket blir godt drive, seier Kjos.

Han fortel at vatnet er testa for alle typar forureining, og at dråpane skal vere heilt reine.

— Kva vil denne tittelen føre til?

Vil markere sigeren

— Vi vil heilt klart markere sigeren. Kanskje burde vi tenkje på å selje vatnet. Det måtte i så fall bli på flaske, for det er ikkje så lett å distribuere vatn, sier Kjos.

Han hadde ikkje med seg meir enn to liter kaldt vatn til konkurransen som gjekk for seg på Norges Varemesse i Lillestrøm i går i tilknytning til messa Miljø & Teknikk/Kommunalteknikk 2003. Det var nok til at juryen let seg overtyde.

Sigeren i NM gjev dessutan årdølene sjansen til å hevde seg også i europameisterskapen i drikkevatn i Brussel 5. juni i år.

EM neste?

— Vi får delta der, og eg meiner vi burde nå opp også i europeisk samanheng, seier Kjos.

Han skulle feire sigeren i går kveld med ein god middag, kanskje med eit glas vin ved sida av. Han er ikkje særs imponert over drikkevatnet i Oslo.

Dei andre vassverka i finalen var: Alta vannverk, Lomi vannverk i Fauske, Movar i mosseregionen, Nedre Romerike vannverk, Folldal vannverk på Dovre, Gopledalen vannverk i Larvik, Vestfold interkommunale vannverk, Kvitseid vannverk i Telemark, Meland kommune, Klæbu kommunale vannverk, Trondheim kommune, Holtålen kommune og Gaupne vassverk i Luster.

KRY VINNAR: Arne Kjos har fagansvaret for drikkevatnet i Årdal. No har han fått stadfesta at vatnet er det beste i Noreg. Sjølv tykkjer han det er det beste i verda. (FOTO: SCANPIX)