— Eg er både svært overraska og skuffa, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.

Kommunen fekk sjokkmeldinga fredag føremiddag. Dei var fullstendig ubudde på avslaget etter at leiinga i ScanWafer har kome med svært positive signal om etableringa siste halvåret. Leiinga i Årdal kommune var klar over at det skulle vere eit endeleg styremøte torsdag, men mange oppfatta møtet som å vere ein formalitet.

— Ja, staten har gjennom Innovasjon Norge gitt tilsegn om støtte på 105 millionar kroner, det meste som går an å gje. I tillegg har Hydro lovt å gå inn med 200 millionar. Med alt dette på plass trudde vi dette skulle gå i boks, seier ordføraren.

For dårlege rammevilkår

Administrerande direktør John Andersen i ScanWafer seier til Bergens Tidende at rammevilkåra for etableringa i Årdal til slutt blei for dårlege.

— Di siste tre vekene har det kome ein del opplysningar på bordet som gjer at vi meiner det ikkje vil vere forretningsmessig forsvarleg å starte denne verksemda i Årdal. Ein slik fabrikk vil ikkje bli konkurransedyktig.

— Kva er det som har endra seg?

— Dette går på kostnader til opparbeiding av tomta og infrastrukturen rundt anlegget som vi ikkje har sett på som ein del av vårt prosjekt, svarar Andersen.

Fabrikken for produksjon av solcellepanel skulle byggjast på Årdalstangen. Totalt er det snakk om investeringar på 1,8 milliardar kroner. Planen var å starte produksjonen i 2006.

— Det har vore gitt svært positive tilbakemeldingar frå ScanWafer til etableringa. Forstår du at dette slår ned som ei bombe i Årdal?

— Eg er ikkje heilt eining i det. Vi har heile tida vore nøye med å understreke at alt ikkje er avgjort.

Endeleg avslag

Årdal-ordføraren seier at han oppfattar avgjerda på styremøtet torsdag som endeleg.

— Eg trur nok ikkje dette er eit utspelt for å forhandle om meir i tilskot. Vi må forhalde oss til at denne etableringa ikkje kjem til Årdal.

Til Bergens Tidende seier Lægreid at dei no vil arbeide mot Hydro for å få utsett stenginga av Søderbergomnane ved aluminiumverket. Planane er at desse skal sløkkjast innan utgangen av 2006. Totalt kan 500 arbeidsplassar forsvinne.

— Etableringa av ScanWafer var meint som ein erstatning for jobbane som går tapt ved aluminiumverket. Når vi ikkje får denne fabrikken, betyr det at vi treng meir tid på å omstille oss. Truleg må vi også leggje meir press på Hydro for å få til ei modernisering av verket, seier ordføraren.

Parallelt med planlegginga av ein fabrikk i Årdal, har ScanWafer utgreidd eit alternativ på Herøya der selskapet er etablert frå før. Men John Andersen seier det ikkje er avgjort om dei no satsar der.

— Det er for tidleg å svare på, seier ScanWafer-direktøren.