I februar kjem dei første flaskene med årdalskonjakk av XO-kvalitet til Sogn. Den franske produsenten Birkedal Hartmann skal stå for dei edle dropane.

Det var årdalsentusiast Torstein Kvam som fekk ideen då eigaren av selskapet, Kim Birkedal Hartmann, var ein av innleiarane på næringslivskonferansen i Årdal sist vinter.

Frå før har Bergen, Harstad, Tromsø, Kongsberg og fleire andre byar sin eigen konjakk. Men Årdal får den første bygdekonjakken i landet. Smaken vil liggje nær bykonjakken til Kongsberg, avslører Sogn Avis, etter å ha vore med på det dei kallar for «omfattande smaking» sist veke.