Ulykka skjedde rundt klokka 17.00 då mannen saman med ein kollega dreiv med sandblåsing og maling av røyr. Dei to arbeidarane, ein frå Noreg og ein frå Latvia, var innleigde av Hydro energi.

Då nordmannen seig saman kom latviaren seg ut av tunnelen og henta hjelp. Den skadde kom til medvit att då han kom ut av tunnelen, men han vart frakta til sjukehuset i Førde. Kollegaen vart lagt inn på sjukehuset i Lærdal til observasjon.

Politiet trur mannen kan ha vorte kolosforgifta. Tunnelen vert no lufta ut før saka skal undersøkjast nærare i morgon.