Stortingsrepresentantane Sigrun Eng, Buskerud, og Oddbjørg Ausdal Starrfelt, Rogaland, seier til Bergens Tidende at Arbeidarpartiet no er klar til å gje grønt lys for bygging av Hardangerbrua. Og dei har støtte for dette hjå partileiaren og statsministerkandidaten Jens Stoltenberg.

Oddbjørg Ausdal Starrfelt er partiet sin gruppeleiar i samferdslekomiteen og talskvinne i samferdselssaker. Ho går no ut av Stortinget. I valkampen rykkjer då Sigrun Eng opp som talsperson i samferdslesaker.

BT prøvde i går å få Jens Stoltenberg sjølv til å uttala seg om Hardangerbrua. Det lukkast ikkje. Men informasjonsrådgjevaren til Stoltenberg, Torbjørn Giæver Eriksen, formidla melding frå sjefen om at Oddbjørg Ausdal Starrfelt var den som skulle uttala seg for Arbeidarpartiet.

Jens høyrer på Oddbjørg

Både Sigrun Eng og Oddbjørg Ausdal Starrfelt kjenner seg trygge på at dei har ryggdekning i den øvste partileiinga når dei seier ja til Hardangerbrua.

— I saker som dette, der Jens Stoltenberg ikkje har detaljkunnskapane sjølv, brukar han å meina det som eg meiner, seier Oddbjørg Ausdal Starrfelt.

Då Stortinget sa nei til Hardangerbrua i juni 1996, var det nettopp Arbeidarpartiet som sikra nei-fleirtalet. Ei samla stortingsgruppe røysta nei, minus Hordaland sine fem, som blankt nekta å røysta noko anna enn ja. Mellom dei som røysta nei i Ap var Sigrun Eng og Oddbjørn Ausdal Starrfelt.

Opseth regjerte

— Kva er grunnen til at de to og resten av partiet no vil røysta ja til Hardangerbrua?

— I 1996 gjekk diskusjonen høgt om kor mange aust-vest-samband vi skulle ha. Den gongen var vi kanskje mindre merksame på dei lokale og regionale verknadene som brua vil ha. No finn vi at desse argumenta er gode. Indre Hardanger fortener og har bruk for ei bru. Og finansieringsplanen for brua, slik eg kjenner til han, verkar svært solid, seier Oddbjørg Ausdal Starrfelt.

— Vi ser sjølvsagt også det lokale engasjementet som er svært sterkt, og også viljen til å betala for brua, seier Sigrun Eng.

— Og så var det Kjell Opseth som regjerte i Samferdsledepartementet i 1996, legg ho til.

Skal mykje til for å seia nei

Både Starrfelt og Eng tek eit lite atterhald. Det gjeld den faglege kvalitetssikringa av kostnader og andre tilhøve rundt Hardangerbrua som er på gang. Ein uavhengig rapport skal leverast til Samferdsledepartementet 1. august. Men båe to let det skina gjennom at det skal store utslag til på minussida før dei tek standpunktet til brua opp til ny vurdering.

Leiaren i samferdslekomiteen, Petter Løvik, H, og Kenneth Svendsen frå Frp tek og det same atterhaldet.

— Den siste gjennomgangen av kostnadstala må syna ein dramatisk auke for at vi skal røysta nei til brua, seier Svendsen, og Løvik seier det same.

— For oss i KrF spelar det ingen rolle kva kvalitetskontrollen syner. Vi røystar for brua, seier Jan Sahl frå Nordland, som og sit i samferdslekomiteen.

Også Senterpartiet er klar til å røysta ja til Hardangerbrua. Venstre sitt standpunkt er at dei ikkje er mot brua. Men om dei er for, er meir uvisst.

Det einaste partiet som heilt sikkert kjem til å gå mot, er SV.