Det var rundt klokka 10.30 tirsdag at mannen fall frå toppdekket av ein svalgang i femte etasje på bygget, som er under rehabilitering.

Politiet målte seinare på dagen fallhøgda til 13,7 meter.

Han har fått alvorlege skader i hovud og nakke.

Vi har starta etterforskinga av det som skjedde, opplyser politibetjent Erik Hole, som var på åstaden i føremiddag.

Mannen døydde på Haukeland Universitets Sykehus i kveld.

Ifølgje politiet var det eitt vitne som stod relativt nær 51-åringen da ulykka skjedde. Ut over dette vil dei ikkje kommentere saka.

Også Arbeidstilsynet vart varsla. I slike saker skal dei rutinemessig lage sin eigen rapport om ulykka og oversende den til politiet.

— Vi har vore på staden, og det er klart at det ikkje var sikring på staden der mannen fall, seier overingeniør Vigleik Juvik i Arbeidstilsynet.

— Det fanst ikkje noko rekkverk eller andre former for sikring, slik det skal vere etter reglane.

Arbeidstilsynets folk hadde i går samtalar med alle dei involverte partane, inkludert dei ansvarlege for arbeidet med å rehabilitere bygget i Olaf Ryes vei.

— Fekk de noko forklaring på kvifor det ikkje fanst sikring på ulykkestaden?

— Nei, det gjorde vi ikkje, seier Juvik til bt.no.

Juvik opplyser elles at Arbeidstilsynet i fjor opplevde ein markert nedgang i talet på ulykker i bygg- og anleggsbransjen.

— Det har faktisk skjedd noko positivt i denne bransjen, seier han.

— Vi håpar denne trenden held seg. No blir det stadig meir vanleg å bruke utanlandske arbeidsfolk, og dette kan tenkast å få betydning for utviklinga. Ein del av dei utanlandske arbeidarane har ein annan tryggleikskultur enn oss, og vi i Arbeidstilsynet kan stå framfor ei utfordring på dette området. Det har vi for øvrig allereie sett tendensar til.

Arbeidaren som døydde etter fallulukka var norsk.

Han vart operert på Haukeland universitetssjukehus, men døydde i kveld.

<b>FRA TAKET:</b> Bygningsarbeideren falt fra taket og 13 meter ned, forteller operativ uteleder Ronny Lentføhr. Mannen falt ned på den siden av huset du ser til høyre i bildet. FOTO: GIDSKE STARK