Berre så langt i år har det skjedd åtte dødsulukker på norske skip, like mange som i heile 2013. Talet på dødsulukker har likevel gått ned i løpet av tiårsperioden 2004-2013, medan det samla talet på skipsulukker med og utan personskade går opp. 499 norskregistrerte fartøy var involvert i ulukker i 2013.

Ei av årets fatale arbeidsulukker skjedde 22. februar då slepebåten «Starkad» kantra under buksering av eit skipsskrog i Fitjar. Den 55 år gamle skipsføraren omkom. Ulukka er enno ikkje ferdig granska av Statens havarikommisjon, opplyser havariinspektør Trond H. Evensen.

I fjor sommar skjedde ei tilsvarande taubåtulukke i samband med slep av eit cruiseskip i Kirkenes, men begge om bord berga seg ved å hoppa i sjøen.

Manglar risikovurdering

— Vi vil gjera det vi kan for å gi sjøfolk ein trygg arbeidsplass, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen om bakgrunnen for at Sjøfartsdirektoratet har valt «Sikker arbeidsplass om bord» som særleg fokusområde i 2015 for å førebyggja ulukker til sjøs.

— Sjølv om vi dei siste ti åra har hatt ein gledeleg nedgang i tal personulukker, er det framleis altfor mange ulukker knytt til arbeid om bord, seier Akselsen.

På sjøtryggleikskonferansen i Haugesund nyleg presenterte Sjøfartsdirektoratet ein fersk risikoanalyse av arbeidsulukker blant fiskarar og sjøfolk. Analysane avdekkjer manglande identifisering og risikovurdering av farlege arbeidsoperasjonar som bakanforliggjande ulukkesårsaker. Arbeid på fiskebåtar, løfteoperasjonar på lasteskip eller bruk av vinsj i samband med fiske eller ankerhandtering, er arbeid om bord som utset mannskapa for særleg høg risiko.

Sjøfartsinspektør Olav Akselsen og Sjøfartsdirektoratet likar ikkje utviklinga med auke i talet på skipsulukker, og prioriterer førebyggjande innsats. Her Akselsen på fritidsbåtmessa Dra til sjøs på Marineholmen i Bergen i april i år. Arkivfoto: Rune Nielsen

Støyt— og klemskaderAv direktoratets risikoanalysar går det fram at det er særleg støyt- og klemskader og fall om bord som fører til jobbfråvere blant sjøfolk.

Neste år vil Sjøfartsdirektoratets umeldte inspeksjonar særleg ta føre seg kva risikovurderingar reiarane har gjort, og kva tiltak dei eventuelt har gjennomført som følgje av identifiserte farlege arbeidsoperasjonar.

I tillegg kjem inspektørane til å sjekka om merking, sklisikring, skjerming, naudstopp, personleg verneutstyr og andre fysiske vernetiltak er i orden. Før nyttår publiserer direktoratet ei eiga sjekkliste for desse kritiske punkta.

- Ikkje alvorleg nok

Årets skipstilsyn - med brann som hovudfokusområde - resulterte i heile 743 pålegg til reiarane, der 146 var knytt til branntiltak. Fiskebåtane hadde flest tilsyn, og fekk flest pålegg. Totalt gjennomførte sjøfartsinspektørane 308 umelde tilsyn første halvår i 2014.

— Dette tyder på at ein del av reiarlaga ikkje tek tryggleiksarbeidet alvorleg nok, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

— Risikorapporten er viktig for våre interne prioriteringar. Men samstundes veit vi at dersom vi skal få ned talet på ulukker, er det i reiarlaga og om bord i skipa jobben må gjerast. Direktoratet ønskjer i større grad å påverka aktørane til å tenkja sikker drift og førebygging av ulukker, seier sjøfartsdirektøren.