Arabarane hevdar Hydro førte dei bak lyset då dei overtok felgfabrikken.

Avisa Ytre Sogn skriv i dag at arabarane no går til sak mot Hydro. Dei meiner dei kjøpte katta i sekken då dei tok over den kriseråka felgfabrikken.

Valdgiftssaka vil først komme opp for retten i april 2002. Men konflikten mellom dei to partane kan gjere arbeidet med å berge felgfabrikken endå vanskelegare.

Hydro avviser på si side at dei førte arabarane bak lyset. Dei hevdar alle relevante økonomiske opplysningar blei lagt fram for dei nye eigarane under forhandlingane.

Arkivfoto: BT