— Sjølv har eg berre vore på 2-3 oppdrettsanlegg, og det er fordi eg er fiskeri- og kystminister. For folk flest har eit slikt reisemål vore uoppnåeleg. Dette er ein stor dag for heile landet.

Slik ordla statsråd Helga Pedersen seg då ho i går opna Hardanger Akvasenter ved Steinstø. Det gjorde ho ved å mata fisken i næraste merden frå balkongen på huset som flyt i Fyksesundet.

Også regjeringa blir spurd om eit besøk på oppdrettsanlegg let seg gjera. Det er ikkje lett å få til, sidan tilhøva ikkje er lagt til rette for besøk på anlegga.

— Eit anlegg som dette har vi sakna. Det blir som å vitja ein fransk vingard. Noreg har drive fiskeoppdrett i 35 år. Rett nok produserte vi berre 98 tonn i 1971, mot 641.000 tonn i år, poengtert Pedersen.

For dårleg veg

Hardanger Akvasenter er eit visingsanlegg, samlokalisert med oppdrettsanlegget til Linga Laks AS, eigd av strandebarmingen Rolf Haugarvoll. Og det er kona Åsta som er dagleg leiar for visingsanlegget. Ein slags mann-og-kone-butikk, med andre ord.

Gjestene møter i eit informasjonssenter på Steinestøkaien, der det er dataskjerm og flust med plakatar. Etterpå utstyrer ein seg med flytevest og tek den korte båtturen ut til det flytande huset ved ytste merd.

— Vi valde båtskyss fordi riksveg 7, ein del av Turistveg Hardanger, er livsfarleg for gåande på strekninga mellom kaien og landfestet for merdane, fortel styreleiar Tove Pedersen Berge.

I flytehuset er det meir informasjon. På dataskjermen kan ein sjå fisk i merdane frå fleire undervasskamera. Med nokre museklikk kan ein skifta til andre oppdrettsanlegg i fjorden.

— Flåten kom på plass ved påsketider, og husbygginga har gått unna på rekordtid, sjølv om tømrarane balte med vateren sidan huset ikkje stod stille, seier styreleiaren.

Mange interesserte

Utanom turistar, enkeltvis og i grupper, vil oppdrettsbransjen nytta senteret aktivt i sitt opplysingsarbeid. Dei har stor pågang frå bransjefolk og mediefolk, både matskribentar og næringslivsjournalistar, frå store delar av verda.

— No har vi endeleg noko å tilby, seier fleire aktørar.

Det store møterommet i andre høgda kan ta mot store og små grupper. Menyen er basert på laks og lokal bakst.

— Vi kan laga buffet, men satsar helst på nistepakkar, fortel dagleg leiar Åsta Haugarvoll. Resten av sommarsesongen er senteret ope mellom klokka 11 og 18 alle dagar unnateke måndag. Elles etter avtale. Telefonnummer finn ein på Hardanger Akvasenter si heimeside.

MATMOR: Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen, for høvet også fjordminister, utstyrt med ausekar fullt av pellets, opna Hardanger Akvasenter ved å fôra fisken frå balkongen.
FLYTANDE HUS: Akvasenteret tilbyr båtskyss frå kaien i Steinstø fordi TuristvegHardanger (riksveg 7) er livsfarleg for gåande.