— Her blir det plass til rundt 300, trur eg, seier imam M. Azeem Abusaad, og skrur på lysbrytaren.

Lysrøra ploppar på, og badar det avlange rommet i kvitt lys. På golvet er det lagt ut teppe.

Om nokre timar skal muslimane i Bergen for første gong be her, i sveitservillaen i Jekteviken. Etter mange år med oppussing kan huset takast i bruk, på første dag i fastemånaden ramadan.

Treng gamlemoskéen òg

Bergen Moské har no rundt 2000 medlemmer, fortel imamen. Dei treng plassen.

— Du kan kome hit på fredagsbøna. Då vil det stå kø utanfor av folk som vil inn, seier han, når vi spør han om det er like glisse i moskéen som det er i mange norske kyrkjer.

Han voner dei òg kan behalde det gamle lokalet, i Nøstegaten, på andre sida av Sydneset. Det blir i så fall opp til Bergen kommune, som eig huset.

Kollekt

I det nye huset i Jekteviken blir framleis regnet halde ute frå fleire av vindauga med glava.

— Det har tatt mykje tid med vindauga, fortel Abusaad.

Som andre som kjøper verneverdige hus har Bergen Moské måtte gå mange rundar med kommunen om slike detaljar.

— Oppussinga vart dyr, seier imamen.

— Kor dyr?

— Seks-sju millionar kroner.

— Og pengane har kome frå rike onklar i Saudi-Arabia?

— Nei, nei. Det er samla inn av muslimar i Norge. 90 prosent her frå Bergen, seier han, og fortel at enkelte har gjeve opp til seks månadsløner til prosjektet.

Multikultur

Klokka har bikka kvart på ni. Ute har det blitt mørkt. Fastetida er over.

På golvet i den gamle moskéen i Nøstegaten set rundt 30 menn og et frukt. Så er det bøn. Så samtale. Mennene sit i ein halvsirkel rundt imam Abusaad under lysrøra. Han spør kva ein bør gjere under ramadan, anna enn å la vere å ete mat medan sola er oppe.

Mennene svarar slik dei skal, om å hjelpe fattige, lese Koranen, tilgje andre og så vidare.

Flokken løyser seg opp, og går mot papirdukane på golvet der andre har gjort klar middagen. Gul ris, kylling og lam.

— Eg har mange vener, også norske, fortel Hassain Hussein Mohamed, opphavleg frå Somalia.

Han meiner det ikkje er så vanskeleg å kome i kontakt med nordmenn, i alle fall viss du kan norsk.

Rundt oss er andre meir konsentrert om maten, og andleta vitnar om at muslimane i Bergen er spreidd på folk frå mange land. Over 40 nasjonalitetar i alt.

Sein bøn

Truande muslimar har mykje å halde styr på under ramadan. Bønetidene er fastsett på minuttet. Fleire gongar kvar dag skal det beast. Etter muslimsk tru er bønene, og gode gjerningar elles, viktigare under ramadan enn elles i året.

Neste bøn er 22.15. Karane går i regnet på fortauet bortover Nøstegaten, rundt jussborga på Sydneset, til sveitservillaen i Jekteviken.

— Det er viktig at dei får sjå den nye moskéen, og kanskje donere litt meir pengar, ler imamen.

Tysdag rykkjer arbeidsfolka igjen inn i huset. Mykje står att. Imamen vonar alt er ferdig i november.

Men no er det nok ei bøn, den første i den nye moskéen.

Simen Grytøyr
Simen Grytøyr