JOHN LINDEBOTTEN

— Det vi reagerer mest på, er forslaget om å overføra dei spesialpedagogiske tenestene frå fylkeskommunen til Helse-Bergen, altså til staten. Vi er redd dette endar med at tilbodet vert trappa ned. Dersom dette vert vedteke, vil vi ha lovlegkontroll av vedtaket, seier Aps talskvinne i saka, Joril Christensen, til Bergens Tidende

Det er i fyrste rekkje logoped-tenester det er snakk om på Ulriken skulesenter, m.a. på avd. Vestlund i Fyllingsdalen og på Logopedisk Klinikk. Dei som treng desse tenestene, er afasipasientar, det vil seia at dei har talevanskar etter ein hjerneskade. Fleirtalet i fylkeskommunen meiner at dette opplegget er Helse-Bergen sitt ansvar, altså staten sitt.

Leiar i Afasiforbundet, Ingjerd Haukeland, er rykande usamd.

— Opplæringslova seier heilt klårt at fylkeskommunen har ansvar for opplæring i medisinske institusjonar som staten eig. Denne opplæringa må starta med ein gong for å gje best mogleg resultat. Til dette treng vi logopedar. Dei er pedagogar og ikkje behandlingspersonale, seier Ingjerd Haukeland.

Redd for nedtrapping

Men då denne saka var oppe i fylkesutvalet i slutten av mai, vart det fleirtal for å starta samtalar med Helse-Bergen om overføring av ansvar. Dei som røysta mot, var Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raud Valallianse.

Dersom ikkje dette fører fram, vil personalet ved desse tenestene gradvis verta overførde til andre fylkeskommunale verksemder.

— Då er eg redd fylkeskommunen kjem til å trappa ned tilbodet til dei afasiramma og andre som treng spesialpedagogiske tenester, seier Ingjerd Haukeland. Ho meiner det er skremmande dersom fylkestinget vedtek dette.

I tillegg til Ulriken skulesenter gjeld innsparingane som fylket planlegg også Kyrre skule, Valekrossen skule og 4. og 5. skuleår i vidaregåande for elevar med psykisk utviklingshemming.

Arven etter sjukehusa

Innsparingane det er snakk om her, inngår i program for økonomisk handlefridom. Det er ein freistnad på å retta opp ein fylkesøkonomi som var hardt ute å køyra med store underskot og stor gjeld. Gjelda skuldast ikkje minst arven etter sjukehusa. Staten overtok ansvaret for sjukehusa i 2002, men let gjelda på mange hundre millionar kroner liggja att hjå fylket.

Gjelda stammar dessutan frå tida då Arbeidarpartiets Gisle Handeland og Senterpartiets Magnar Lussand var fylkesordførarar. (Båe er no i opposisjon). Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen (H) er ikkje sein med å minna om dette når han vert kritisert av opposisjonen for å la sparetiltaka gå ut over dei svakaste.

Fylket går med overskot

— Arbeidstakarorganisasjonane hevdar at fylkesøkonomien no er i så god gjenge at dei tiltaka som skal opp til avgjerd i fylkestinget kan droppast. Fylkesrådmannen skriv i saka om årsmeldinga at fylkeskommunen hadde positivt netto driftsresultat og rekneskapsoverskot i 2004. Kvifor er det likevel naudsynt å gå vidare med innsparing som kan råka mange av dei veikaste gruppene?

— Vi har fleire problem som må rettast opp. Vi har ein vekst i elevtalet på 500-600 per år. Desse elevane skal ha et like godt tilbod som elevane i dag har, og då må vi både finne ressursar til undervisning og til investeringane som skal gjerast. Vi skal m.a. byggja i Olsvik og på Sørås. Dette betyr at vi må betra drifta med 80 millionar over desse fire åra for å nå målet om å gi god utdanning til alle 16-19 åringar, seier Tom-Christer Nilsen.