I ei partimåling for A-presseavisene i fylket får partiet 30,6 prosent oppslutnad. I ei måling for Bergens Tidende og NRK Sogn og Fjordane i slutten av august fekk partiet støtte frå 25,8 prosent av veljarane.

Den gongen var Ap og Sp jamstore. No har Sp 23,5 prosent oppslutnad.

Målinga stadfestar landstrenden om at det ser ut til å gå mot svært dårlege val for Frp og SV. Høgre har framgang i forhold til valresultatet i 2007, men går tilbake både i følgje augustmålinga og ein tilsvarande A-pressegallup frå i vår.

Aps vekst gjer at det framleis er eit klart raudgrønt fleirtal i fylkestinget. Dersom framgangen blir like stor på valdagen, tyder mykje på at Åshild Kjelsnes blir ny fylkesordførar.

FRAMGANG: Mykje på at Åshild Kjelsnes blir ny fylkesordførar.
SCANPIX