I Eid tyder alt på at Ap sin Sonja Edvardsen må overlate ordførarklubba til Venstres Alfred Bjørlo, etter at sistnemde stod bak eit veritabelt valskred i kommunen.

Han sikra seg nesten halvparten av røystene, og er soleklar førstekandidat til å overta.

Tilbakegang på 18,5 prosent

Arbeidarpartiet fekk fattigslige 8,5 prosents oppslutnad i kommunen, ein tilbakegang på solide 18,5 prosent.

Dermed står Venstre med 13 mandat i kommunestyret, ein framgang på solide ti. Ap må notere seg for to mandat, ein tilbakegang på seks sidan førre kommuneval.

Misser tre av fire plassar

Og Ap-raset stoppar ikkje med sjukehuskommunen Eid.

I Selje går partiet tilbake med 18 prosent, og misser tre av sine fire plassar i kommunestyret. I nabokommunen Vågsøy går Ap også markant tilbake, og taper tre av sine seks mandat i kommunestyret.