Arbeidarpartiet og dei fem samarbeidspartia SV, Sp, Venstre, KrF og Høgre hadde sundag langvarige forhandlingar utan å bli einige om kven som skal vera ordførar, Aksel Kloster (Ap) (bildet) eller Knut Prestnes (Sp).

Senterpartiet blei valvinnar i Kvinnherad og får den største gruppa i kommunestyret med ni medlemmer. Derfor står Sp hardt på at varaordførar Prestnes skal rykkja opp og ta Aksel Kloster sin plass i ordførarstolen.

Ap kjempar hardt for at Aksel Kloster skal vera ordførar i sin tredje periode, men har ikkje stor støtte i andre parti. SV og Høgre har ingen uttrykte val når det gjeld person, medan KrF og Venstre ønskjer eit skifte av ordførar.

I går drog Knut Prestnes, mannen bak suksessbedrifta HMR, på to vekers ferie i Syden. Når han kjem tilbake, kan han vera Kvinnherads nye ordførar.