Forpostfektningane framfor valget neste haust er i gang.

Sitjande gruppeleiar Knut O. Aarethun (60), Lærdal ynskjer å forlenge sin aktive fylkestingperiode til heile 23 år. Men no seier Førde Ap eit tvert nei til veteranen, og vil fornye og forynge lista.

— Vi møter veldig liten tillit til Aarethun når vi er ute og driv valkamp. Dels har dette også med ein del negative episodar rundt Aarethun å gjera, og at fylkestinggruppa ( med Aarethun som leiar red. anm.) har vist liten vilje til å følgje opp vedtaket om at Førde er fylkessenter seier styremedlem Erik Torp Nilssen i Førde Ap til avisa Firda.