JOHN LINDEBOTTEN

Det betyr truleg at store delar av Arbeidarpartiets stortingsgruppe vil røysta ja dersom Hardangerbrua kjem opp som sak for andre gang. Då brua vart røysta ned i juni 1996, var det berre dei fem frå Hordaland som røysta ja frå Ap si stortingsgruppe.

Utgangspunktet er at det vert lagt på bordet ein truverdig finansieringsplan utan annan statleg medverknad enn ferjeavløysingsmidlar — altså dei pengane som elles ville gått med til å subsidiera ferjesambandet Bruravik-Brimnes.

Underleg om det vert nei

— Dersom brua kan finansierast på den måten, kan eg ikkje forstå korleis Stortinget kan gå i mot. Brua må bety svært mykje for kommunane i indre Hardanger når vi ser kor mykje dei er villige til å bidra med, endå dei har eit nokså bra ferjesamband i dag, seier Oddbjørg A. Starrfelt til Bergens Tidende.

— Og då ville det vera underleg om Stortinget skulle seia nei. Eg trur brua kjem til å pressa seg fram. Men eg er litt redd for fylgjene brua kan ha for villreinen på Hardangervidda, og skulle gjerne visst litt meir om det, seier ho.

Til Stortinget måndag

Hardangerbrua AS har ferdig ei skisse til korleis brua kan finansierast utan at det kostar staten ei krone ekstra (sjå grafikk).

— Måndag skal vi leggja fram denne skissa for samferdslekomiteen på Stortinget. Eg reknar med at fylkestinget vil handsama den alternative finansieringsplanen på juni-tinget, seier fylkesordførar Torild Selsvold Nyborg til BT.

Uvisst med Bergen

Ei uvisse med skissa til finansiering er det kommunale bidraget, der Bergen har teke attende sitt bidrag på 30 millionar kroner på grunn av den skrantande kommuneøkonomien. Mange spør seg om Hardangerbrua nokosinne får att dei 30 millionane som Bergen har teke ut.

— Det er klårt at Bergen må betala attende dei 28-30 millionar kronene, sjølv om det må skjer over ein del år, seier Hans Edvard Seim, H, som er styremedlem i Hardangerbrua AS.

— Eg legg til grunn av pengane vert betalt attende. Når og på kva måte får vi koma attende til når det er vedteke at brua skal byggjast, seier Anne-Grete Strøm-Erichsen, Ap, som var byrådsleiar då pengane vart tatt ut av brufondet i desember 2002.

Reservar i Eidfjord

Men om det skulle knipa på kommunedelen, finst det kanskje reservar i Eidfjord kommune, som lever godt på kraftinntekter. Eidfjord er største bidragsytar av dei sju Hardangerbru-kommunane, med 40 millionar kroner.

— Av dei sju kommunane som har gjeve bidrag til Hardangerbrua, er det nok vi som har evne til å gje litt ekstra. Skulle det knipa med nokre millionar, så trur eg ikkje det skal stå på oss. Her det sterk politisk vilje, seier Eidfjord-ordførar Ola B. Hereid til Bergens Tidende.