Med 46 prosent av røystene og nær ti prosents framgang skrivArbeidarpartiet historie i Fjaler kommune.

— Det tyder på at velgjarane våre er godt nøgde,og det set eg stor pris på, seier Ap-ordførar Arve Helle i Fjaler.

Går for tredje periode

Han kankonstatere at partiet aldri har gjort eit betre val i Sunnfjord-kommunen.

Helle, som fyller 40 år førstkommande laurdag, går dermed påsin tredje periode i ordførarvervet. Han karakteriserer valresultatet som ikkjemindre enn fantastisk.

— Eg kan jo ikkje ta dette som noko anna enn eistor tillitserklæring. Vi har kapra velgjarar frå stort sett alle dei andrepartia, bortsett frå Senterpartiet som held skansen brukbart, seier Helle.

- Rivande industriutviklinge

Han legg ikkje skjul på at det er ein god periode å vereFjaler-politikar i.

— Det skjer noko i regionen vår. Vi har endelegstarta bygginga på Dalsfjordsambandet og det er ei rivande industriutvikling påLutelandet. Dette er saker som eg har fått fronte, og som eg og partiet sikkerthar tent ein del på, seier han.