— Mannen tok tak i handledda hennar og pressa henne opp mot veggen. Dette gjentok seg tre-fire gonger, mannen opna til slutt også gylfen og blotta seg, seier politioverbetjent Arnfinn Grydeland ved Laksevåg lensmannskontor.

Kvinna greidde til slutt å kome seg laus, og sprang heim. Gjerningsmannen var ca. 21 år gammal, 170-175 cm høg, tettbygd, hadde mørk blå anorakk med hette, mørk blå dongeribukse, mørke sko og svart eller grå lue.

Han hadde ein blå og grøn tursekk på ryggen og skal vere lettare psykisk utviklingshemma.

— Vi har fått fleire meldingar både frå området her og frå inne i byen om ein person som har kome med liknande tilnærmingar den siste tida. Det verkar som om han går litt lengre for kvar gong. Vi er interessert i tips frå folk som kan ha sett mannen, seier Grydeland.