Sidan i sommar har den ukjende velgjeraren fordelt minst 900.000 kroner til ulike tiltak i bygda, fortel Sogn Avis.

Alt i juni fekk Sygna vidaregåande skule 100.000 kroner. Noko seinare kom det brått inn 250.000 til Balestrand Bygdahus.

Idrettslaget og helsetunet har fått 200.000 kroner kvar, og songlaget 50.000. Det siste er at kinoen i bygda brått fekk inn 100.000 blanke kroner på kontoen sist veke.

Dei hemmelege gåvedryssa er det store samtaleemnet i bygda. Alle spør seg kven det er som deler ut med raus hand. Og mange lurer også på om det er gitt gåver som ikkje har vorte kjende.

Ein av dei få som muligens veit både kven gjevaren er og kva han eller ho har gitt, banksjef Johannes E. Sjøtun, har ingen kommentar.