Fleire titals personar oppheld seg i eller passerer gjennom uteområdet mellom sentralsjukehuset og Førdehuset den halvtimen Anne Slåtten brukar på å gå frå Vieåsen til Vaskarvollen i Angedalsvegen tidleg om morgonen søndag

6. juni. Både på sjukehuset og helsetunet er det vaktskifte. Begge store arbeidsplassar. Også til hotella i Førde er folk på veg til jobb.

Sjølv om mange har vore ute denne morgonen, kan ingen fastslå 100 prosent sikkert at dei har sett Anne Slåtten. Også politiet har heile tida vore nøye med å understreke at dei ulike observasjonane som er gjort av ei lyshåra kvinne «kan ha vore» den 23 år gamle sjukepleiestudenten.

Den siste garantert sikre opplysninga er telefonsamtalen ho har om natta med kjærasten. Han er då på veg heim til Stavanger, og dei to har avtalt at dei skal snakkast. Bortsett frå denne samtalen, som finn stad i firetida om natta, vil forsvararane prøve å imøtegå alle observasjonar som inngår i den tidslinja aktoratet vil teikne av den siste timen i livet til Anne Slåtten.

Det som knyter den tiltalte sunnfjordingen til Anne Slåtten er DNA-funna. Eit funn med full match er gjort på brystet til Anne Slåtten. I tillegg er det funne ein blandingsprofil på leppene som viser full match. Også andre DNA-funn på offeret stemmer delvis overeins med tiltalte.

For påtalemakta blir dermed hybelbuaren som fortel at han høyrer dusjen blir slått på om morgonen kanskje det aller viktigaste vitnet. Dersom det er slik at Anne Slåtten gjekk i dusjen før ho skulle på vakt på helsetunet, må DNA-profilane som er funne på avdøde ha blitt påført i tidsrommet frå ho dusja til ho etter politiets meining blei kvelt ein knapp time seinare. At dette kjem til å bli sterkt vektlagt, viser det faktum at politiet har utført lydmålingar i bukollektivet i Hamretunet for å undersøkje om det var råd for vitnet å høyre dusjen.

Tidleg i etterforskinga konkluderte politiet med at funnstaden ved Angedalsvegen også var åstaden. Basert på dei siste fengslingsmøta er det grunn til å tru at forsvarar Ivar Blikra her vil ta til motmæle. 42-åringens advokat har på fleire fengslingsmøte peika på at dei analyserte DNA-funna som viser kontakt mellom tiltalte og Anne Slåtten er gjort på offeret, og ikkje i området.