Det er avisa Bygdanytt som i dag fortel om Anna.

På Osterøytunet Anna G. Bernes i to år budd på enkeltrom. No vert ho tvungen inn på eit dobbeltrom saman med ein annan pasient, som røykjer på senga.

— Dette er ikkje nokon fin måte å behandla folk på, det er heilt sikkert, seier Anna G. Bernes til Bygdanytt.

— Me har press på institusjonen. Det er mange som treng plass, og i og med at me ikkje har fått ferdigstilt omsorgsbustader slik planen var, må me plassera to på enkeltrom, fortel Torgeir Sæther i Osterøy kommune.

80-åringen og hennar familie er opprørt over handsaminga, skriv avisa Bygdanytt.

Men Torgeir Sæther seier kvinna no skal få sleppa å bu på eit røykfullt rom.

— Det skal frå i dag av ikkje røykast på rommet, slår han fast.

Les heile artikkelen i Bygdanytt