— Dette er forsøk på bedrageri, og eg opplever situasjonen som svært ubehageleg, seier den svenske barnelegen Karin Tilleskär (42) til Bergens Tidende.

Ho har fått problem med nattesøvnen etter at ho fekk falske telerekningar frå Forbrukernett AS i postkassa førre onsdag. Selskapet har spesialisert seg på sextelefonar og tilgjenge til pornografiske sider på internett.

No har Tilleskär meldt selskapet til politiet. Krav for 40 samtalar i fjor

Tilleskär flytta frå Uppsala i Sverige til Bergen 29. juni i år, og arbeider i dag ved Haukeland Sykehus. Mannen hennar flytta nokre månadar i forvegen, og oppretta fastabonnement i sitt namn hos Telenor. Førre onsdag kom to telefonrekningar frå Forbrukarnett AS, adresserte til Karin. Den første var på vel 2500 kroner for eit 40-tals samtalar ho skulle ha ringt frå fasttelefonen i perioden februar-juni 2000 - altså i fjor. Fakturaen var datert 30. juni i år, men poststempla først 9. oktober. Den andre rekninga var på 143 kroner for ein einsleg samtale på fem minutt, samt oppkopling og fakturering. Dei påstått oppringte samtalane refererer til telefonnummer, og nokre av desse går igjen fleire gonger. Andre er til forveksling like, og berre eit einaste siffer skil det eine frå det andre.

Kundeservice vil ha 460 kroner

Tilleskär har i ettertid ringt fem av desse nummera, men ingen eksisterer:

— På den tida desse samtalane skal ha funne stad, budde eg dessutan ikkje i Norge. Gjentatte gonger har Tilleskär ringt kundetenesta, men kjem aldri lenger enn til ein telefonsvarar. Gjennom Telenor fekk ho eit alternativt nummer, og kom til slutt fram til ein lite serviceinnstilt konsulent. Men like etterpå kom nok ei rekning i posten: Denne gongen med krav om 460 kroner for konsulenttenesta!

— Det er så du ikkje trur det er sant, når du kjem frå Sverige og opplever slikt. Det er utruleg at det ikkje går an å stoppa slike føretak her i Norge, slik at privatpersonar slepp å bli utsette for denslags, seier Tilleskär. oppgitt.

MISTA NATTESØVNEN: Den svenske barnelegen Karin Tilleskär seier ho har fått problem med nattesøvnen etter at ho fekk falske telerekningar frå Forbrukarnett AS i postkassa.
FOTO: EIRIK BREKKE