Som aktor kravde Nordeng at Kvalheim skulle dømmast på alle punkt, og bli straffa så strengt lova utfrå dette tillet — ni års fengsel. I går svara Nordfjord tingrett med å domfelle Kvalheim på alle viktige punkt, og å utmåle straffa til sju og eit halvt års fengsel.

- Klokkeklar dom

— Dette ser ut som ein dom vi er nøgde med. Punkt for punkt er den er klokkeklar på skuldspørsmålet, og det er den strengaste straffeutmålinga vi i økokrim har hatt nokonsinne, seier Nordeng til Bergens Tidende.

Nordeng vil ikkje utelukke at straffeutmålinga kan bli anka, men truleg berre dersom Kvalheim skulle bestemme seg for å anke skuldspørsmålet inn for lagmannsretten.

Og sjølv om Jarle Kvalheim i går tok betenkningstid på ankespørsmålet, var forsvarar Per Kjetil Stautland ikkje overvettes krass i sin kritikk av dommen.

— Vi er tilfreds med dei prinsippa som retten har lagt til grunn for straffeutmålinga, sa Stautland like etter at tingdommar Terje Mowatt hadde lese opp dommen for åpen rett. Under rettsforhandlingane meinte Stautland at mellom fire og fem års fengsel ville vere passande straff i denne saka.

Burde oppdaga i 1997

— Vi er sjølvsagt ikkje samde i bevisvurderimga og følgjeleg heller ikkje i dei faktum som retten har lagt til grunn på dei punkta der Kvalheim ikkje erkjente noko straffeskuld. Men ut over dette er det ein velskriven og omfattande dom, sa forsvarar Stautland.

På toppen av dei sju og eit halvt åra i fengsel er Jarle Kvalheim for alltid frådømt retten til å drive næringsverksemd. Retten pådømte ikkje noko erstatningskrav mot Kvalheim, som altså vart funnen skuldig i svindel og økonomisk utruskap for til saman rundt 333 millionar kroner.

Ifølgje forsvararen tyder ikkje dette nødvendigvis at Kvalheim slepp å betale erstatning. Eit krav kan komme seinare, og då venteleg av meir realistisk storleik enn den giroen på over 600 millionar kroner som Kvalheim fekk tilsendt frå fylkesskattekontoret.

Det same skattekontoret får for øvrig passet sitt påskrive i dommen, der det heiter at svindelen burde vore oppdaga i 1997.

Fri om fem år

Men Kvalheim fekk som kjent halde på fram til tips avslørte han for i fjor vinter.

Kvalheim mottok i går dommen ståande mellom sine to forsvararar, iført dobbeltspent dressjakke, stirrande fast på eit punkt i golvet framfor seg.

— Han tek dette med fatning, og er glad over at saka har kome så langt, seier advokat Stautland.

Mykje tyder dermed på at Nordfjord tingrett har sagt ein dom som begge partar kan leve med.

— Den er historisk streng, og svært klar sin fordømmelse, påpeikar aktor Petter Nordeng, som altså fekk pådømt 7,5 av dei ni åra han kravde.

Skulle dommen bli ståande, kan Kvalheim normalt gå fri på prøve etter fem års soning. Og som kvitsnippforbrytar han kan med god grunn håpe på levelege forhold i denne tida.

Skriv bøker

— Vi ser ofte at dei som blir dømte i økonomi-saker ofte får ei litt lempelegare soning, seier Nordeng. - Dei blir sjeldan rekna som farlege.

Ifølgje forsvararen sin skriv Kvalheim på manus til to bøker. Handlinga skal ikkje ha direkte med OK Fish-saka å gjere.

Den fullstendige dommen mot Jarle Kvalheim finn du på lenken oppe til høgre.

TILFREDS: - Vi er tilfredse med prinsippa retten legg til grunn ved straffeutmålinga, seier Per Kjetil Stautland, forsvarar for Jarle Kvalheim, som vart dømd til fengsel i sju og eitt halv år. FOTO: ODDLEIV APNESETH