Først skal kjæremålsutvalet i Gulating avgjera om saka skal tillatast ført i lagmannsretten, eller om tingrettsdommen skal bli ståande som rettskraftig.

Hardanger tingrett, under sorenskrivar Klaus Skjeldal, kom til at det som gjekk føre seg på legekontoret var legeetisk kritikkverdig, men ikkje seksuelt krenkande etter straffelova. Retten viste også til kulturelle ulikskapar, og frifann legen.

Dette vil påtalemakta ha prøvt for høgare rettsinstans.

Etter konsultasjonen skal legen først ha stroke jenta på handa. Han ba henne venta eit kvarter i tilfelle etterverknader, og ga henne ein klem då ho gjekk.

Nokre timar etter vart kvinna dårleg att og oppsøkte legen på nytt. Han tok i mot henne med ein klem og eit kyss på halsen. Under konsultasjonen skal han ha helde hendene på skuldrane hennar ei kort stund, og gav henne ein klem då ho skulle gå, «intim og på kjærastnivå», etter kvinna si vurdering.

Ho melde saka til politiet, som reagerte med eit førelegg på 4000 kroner. Då bota ikkje vart betalt, kom saka for retten, og endar kanskje i lagmannsretten.