Politikaren og forretningsmannen var tiltalt for å ha dopa ned og valdteke ei 71 år gammal kvinne.

I rettsaka kom det fram at politiet unnlot å ta ei rekke obligatoriske etterforskingsskritt straks saka vart meld. Blant anna utfrå dette fann ikkje Fjordane tingrett grunnlag for noko anna enn ei blank frifinning av mannen.

Aktor i saka, statsadvokat Jogeir Nogva, seier då også til NRK at det er ei totalvurdering av bevisa i saka som gjer at dei vel å ikkje anke.

I retten la Nogva ned påstand om tre år og fire månaders fengsel for mannen.