I fjor sommar døde 15 år gamle Ragnhild Helsengreen, på flukt frå barnevernet, av ein overdose.

Tre personar var tiltalt for å ha etterlaten 15-åringen i ein hjelpelaus tilstand. I juni blei alle tre frikjent i Bergen tingrett.

No har Statsadvokaten i Hordaland avgjort å ikkje anke frikjenninga til lagmannsretten. Dermed blir dommen rettskraftig.

To år

Opphavleg la statsadvokat Arild Oma ned påstand om to års fengsel for ei 33 år gammal kvinne og ein 19 år gammal mann, i tillegg til halvanna år for sambuaren til kvinna.

Bt.no har ikkje klart å kome i kontakt med den 33 år gamle tobarnsmora. Forsvararen hennar, Stein Erik Ottesen, seier han er glad på hennar vegner.

— Det er ei riktig avgjerd ut frå dei bevisa som er lagt fram og det vitna har forklart, seier Ottesen.

Overnatta

Kvinna forklarte i retten at ho hadde sett ei sprøyte med heroin i armen på 15-åringen, men at ho var sikker på at Ragnhild var 18 år. Ragnhild og 19-åringen overnatta i bustaden til kvinna, sidan dei ikkje hadde ein annan plass å vere. Ragnhild hadde rømd frå Kasa Flatøy, ein barnevernsinstitusjon, kort tid før.

Ragnhild blei dårleg etter å ha fått heroinskotet. Ho pusta ujamt, og blei halden vaken av kvinna og 19-åringen.

I retten forklarte tobarnsmora at både ho og den 19 år gamle mannen som Ragnhild kom saman med, var bekymra. 19-åringen skal ha spurt om dei burde tilkalle hjelp.

Blei betre

Men etter ei tid blei 15-åringen betre, og dei tre andre i bustaden konkluderte med at det ikkje lenger var fare.

Deretter la dei seg til å sove. I løpet av natta døde Ragnhild Helsengreen.

I dommen skreiv retten at de meinte det var vanskeleg å bebreide dei tre tiltalte. Nettopp det er det som gjer at statsadvokaten ikkje ankar.

— Tingretten har gjort ei konkret vurdering av forsettet i handlinga. Dei tre rekna med at det ikkje lenger var fare, og at det ikkje var naudsynt å tilkalle ambulanse. Det er ei konkret bevisvurdering, og derfor har vi vurdert at vi ikkje vil anke saka, seier Arild Oma.

RAGNHILD: Ho blei berre 15 år. Ragnhild Helsengreen omkom medan ho var i barnevernets omsorg. Ho rømde frå institusjonen ho budde på. Kort tid etter var ho død av ein overdose.
FAKSIMILE: BT 2. august i fjor om korleis Ragnhild blei funnen død.