Kapteinen (48) og styrmannen (28) som blei sparka av HSD etter promilleturane med MF «Os» i fjor er i Sunnhordland tingrett dømde til 30 og 18 dagars fengsel på vilkår, og høvesvis 20.000 og 15.000 kroner i bot. Dei er funn skuldige i grov aktløyse og brot på lova om pliktmessig fråhald.

Kapteinen var den einaste av dei fem tiltalte mannskapa som påtalemakta kravde fengsel utan vilkår for. Men han slepp å sona, fordi retten meiner han og familien alt har vore gjennom store påkjenningar etter promilleavsløringa.

— Feil fakta og feil jus

— Eg vil sterkt tilrå klienten min å anka, både fordi eg meiner retten har lagt feil fakta til grunn og har nytta feil jus, seier styrmannen sin forsvarar, advokat Thor Harald Eike.

— Vi meiner det er feil å berre leggja vekt på sakkunnigrapporten når det gjeld vurderinga av promillen. Styrmannen kan sikkert klandrast for ikkje å ha gripe inn mot drikkinga kvelden før, men det var ikkje grovt aktlaust. Han hadde heller ikkje oppdaga noko unormalt om han hadde stått opp og gått på vakt samsrundes med kapteinen, seier Eike.

Kapteinen og dei to matrosane sin forsvarar, advokat John Raknes seier seg nøgd med at kapteinen har fått ei vesentleg mildare straff en påtalemakta la opp til. Han hadde óg sett at matrosane, som sa seg skuldige i brot på lova om pliktmessig fråhald, var blitt tilbydde bøter før det kom til straffesak. Matrosane (50 og 54 år) er dømde til bøter på 8000 kroner kvar, og må i tillegg betala 2000 kroner kvar i sakskostnader.

Maskinsjefen (55), som i politiavhøyr vedgjekk brot på plikfråhaldslova, men som nekta blankt for dette i retten, er frifunnen i Sunnhordland heradsrett.

Han blei målt til null i promille morgonen etter mannskapsmiddagen med vin, øl og dram.

DØMT FOR FØRSTE PROMILLETUR: Sunnhordland tingrett har nå avsagt dommen etter fylleturen med MF ”Os” den 7. november i fjor. Foto: Foto: Ove Olderkjær
Foto: Ove Olderkjær